Hopp til innhald

ID3-134 PT - Aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Aktivitetslære blir lagt opp som konsentrerte emne/kurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Det blir kurs i individuelle aktivitetar, aktivitetar i friluft, trening til musikk samt andre ulike trenings- og aktivitetsformer.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om og kan forklare sentrale problemstillingar innanfor ulike aktivitetar
  • har brei kunnskap om metodar og teknikkar for dei ulike aktivitetane
  • kan forklare teknikkar og øvingar
  • kan justere aktivitetane for ulike kundar/brukarar
  • kan eit breidt spekter av aktivitetar som er aktuelle å bruke inn i yrket som personleg trenar og/eller instruktør

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende kunnskapen til å planlegge, organisere, gjennomføre, tilrettelegge og rettleie ulike aktivitetar for ulike målgrupper på ulike ferdigheitsnivå
  • kan vise ferdigheiter/øvingar samt anvende, analysere og reflektere over sentrale element i aktivitetane
  • kan reflektere ovenfor ulike utfordringar med valg av aktivitetar/øvingar innanfor personleg trenar yrket
  • kan forklare og bruke sentrale moment og fagterminologi i aktivitetane
  • kan gjennomføre basal hjarte- og lungeredning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende, formidle og reflektere rundt sentrale aktivitetar og øvingar innanfor fagområdet personleg trenar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte aktivitetar for ulike grupper/brukarar
  • kan formidle fagstoff
  • kan utøve og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og kome fram til ein konklusjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det er hovudsakeleg praktisk undervisning i grupper der teoretisk kunnskap blir integrert. I enkelte kurs er det også teoritimar.

Emnet inneheld 10 timar med punktpraksis som vert gjennomført i haustsemesteret. Målet med praksis er å kunne anvende kunnskap til å planlegge, gjennomføre og reflektere rundt aktivitet knytta til ulike individ. I tillegg skal studentane reflektere rundt utfordringar ved vala dei har gjort. Praksisen vert vurdert av praksisansvarleg ut frå ein rapport og refleksjonslogg som vert levert i etterkant av praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Alle læringsaktiviteter i emnet er obligatorisk. Timane i emnet er knytta opp mot å kunne forstå, vise og analysere ulike aktivitetar. Dette gjenspeglar læringsutbytta i emnet.
  • Gjennomføre samt få godkjent refleksjonsloggen frå punktpraksis.
  • Gjennomføre praktisk prøve i hjarte- og lungeredning med skrifleg innlevering. Tar utgangspunkt i læringsutbyttet knytta til å kunne utføre hjarte- og lungeredning.

Vurderingsform

Munnleg eksamen med gradert karakter (A-F).