ID3-214 Ferdigheitslæring
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet er oppteken av å forstå og gjera greie for korleis utøvarar og elevar i idrett og kroppsøving tileignar seg ferdigheitar og kunnskapar på ulike læringsnivå og i ulike læringskontekstar. Det vert lagt vekt på å utforske spørsmål om læringsprosessar og læringsutbyte frå samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv. Emnet ser på heilskapen i læringsprosessen til utøvarar og elevar, dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert, føresetnader for læring i form av taus kunnskap og underliggjande verdisyn og ulike læringslandskap.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ferdigheitslæring for å vurdere og framkalle kompetanse
- har kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar og elevar, dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert
- har kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei
- har kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for sentrale kjenneteikn ved gode læringslandskap
- kan gjere greie for det samansette omgrepet "ferdigheitslæring" frå ulike teoretiske ståstader
- kan gjere greie for Fair-Play-omgrepet som trenar/lærar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for typiske forskings- og utviklingsarbeid innan ferdigheitslæring
- kan forstå og uttrykkje skilnaden mellom eigen- og nytteverdiar til ferdigheitslæring og kunne nyttiggjere seg av denne skilnaden i arbeidet som trenar/lærar
- kan gjere greie for utviklingstrekk kring ferdigheitslæring i kroppsøving og idrett
- kan sjå eigne samanhengar mellom fleire av punkta ovanfor og utvikla eigne spørsmål og hypotesar om ferdigheitslæring i idrett og kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett og kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid (til dømes filosofisk kafé), studentpresentasjonar og praktiske timar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte angåande kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar.
- Eit godkjent refleksjonsnotat
- Ein godkjent artikkel/essay
- Godkjent planlegging, gjennomføring og refleksjon i samband med praktiske timar
For studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil to av arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.
Vurderingsform
Ferdigheitslæring: Individuell skriftleg eksamen med graderte karakterar (A-F), der F er ikkje bestått.
Tid: Fem timar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel