Hopp til innhald

MGUNO302 Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på ungdomssteget 1 er første del av Norsk 2 for GLU 5-10. Norsk 2 kvalifiserer saman med Norsk 1 for norskundervisning på mellom- og ungdomssteget. Sentralt i Norsk på ungdomssteget 1 står historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen, har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår, og om faghistorie
  • har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag og har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har god litteraturhistorisk oversikt, har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
  • har kjennskap til internasjonal litteratur, særleg dansk og svensk
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
  • har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytt til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
  • kan vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk og førebu undervisning i språklege emne
  • kan lese, analysere, tolke og samanlikne tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Undervisninga er derfor obligatorisk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Læringsmappe som består av 3 oppgåver, der ei kan vere knytt til praksis. Ei av dei 3 oppgåvene skal knytast til det fagovergripande temaet profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv. Dersom ikkje alle dei tre oppgåvene i læringsmappa blir godkjende, vil det bli høve til å levere på nytt den oppgåva/dei oppgåvene som ikkje er godkjend/godkjende éin gong same semester innan ein tidsfrist sett av faglærar.
  2. Det vil vere krav om frammøte knytt til dei obligatoriske læringsaktivitetane

Begge arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg vurderingsmappe der to av arbeidskrava vert vurdert. De vel sjølv kva arbeidskrav de leverer i mappa.

Både fagleg innhald og språkleg utforming utgjer grunnlaget for vurderinga.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel