Hopp til innhald

PPUY305 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg ei forståing av yrkesfaglærarar sine oppgåver og rollar. Studiet tematiserer ulike elevgrupper og einskildelevar si heilskaplege læring og utvikling av ferdigheiter, kunnskap og danning. Samtidig skal emnet legge til rette for at studentane kan utvikle seg til autonome yrkesfaglærarar som gjennom samhandling med kollegaer kan gjere seg nytte av sitt profesjonelle handlingsrom. Yrkespedagogikk og yrkesdidaktikk skal saman bidra til forståing for læraren sine handlingar for å leie, motivere, variere, aktivisere og gi læringa retning for alle elevar på 8.-13.trinn i grunnopplæringa. Dette er også hovudområdet for samarbeid med praksisopplæringa.

Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. Eit viktig element i gjennomføringa av emnet er å utvikle ei forskande tilnærming til læring. Det inneber ei forankring i forsking og yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Alle læringsutbyta frå rammeplanen vert handsama i emnet. 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om fag- og yrkesopplæring, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verktøy og prosessar som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
  • kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskapelege opplæringsløpet frå ungdomstrinnet til avslutta fag- eller yrkesopplæring (8.-13. trinn)
  • har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar

Ferdigheiter

  • kan nytte sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter.
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gi læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektere over eiga læring
  • kan bruke relevante arbeidsprosessar, verktøy, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø

I tillegg legg PPU-Y ved HVL vekt på følgjande utbytebeskrivingar

  • Studentene kan gi faglege, grunngjevne og konstruktive medstudent/ fagfellevurderingar
  • Studenten kan bruke relevante verktøy for å ha ei forskande tilnærming til utvikling av eigen praksis
  • Studenten kan planlegge, grunngi, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til elevane og lærlingane

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet legg til rette for at studentane sine erfaringar frå skule og arbeidsliv skal danne eit viktig grunnlag i læringsprosessane. Erfaringa til den einskilde vert sett på som ein ressurs i læringsfellesskapet i grupper, seminar og fellesundervising. Undervisinga vert organisert gjennom førelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjon, problembasert arbeid, undersøkande forskings- og utviklingsretta læringsarbeid, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, prosessorientert oppgåveskriving, rettleiing, medstudentrespons med meir.

Studentane vert inviterte til ei kontinuerleg vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre og bestå fem arbeidskrav i emnet. Arbeidskrava er av induktiv karakter. Det vil seie at studentane skal søke, oppdage og reflektere over teori og praksis i eit narrativt perspektiv.

Arbeidskrav 1 og 2 er eit individuelt arbeid med  tema observasjon som metode, og lærerrolla. Arbeidskrav 2 har medstudentrettleiing og -vurdering.   

Arbeidskrav 3 og 4 har tema vurdering for læring og yrkesrelevant opplæring, inkludert planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising. 

Det 5. arbeidskravet er deltaking på samlingar. 

Alle arbeidskrav må være greidd for å kunne ta eksamen i emnet.

Arbeidskrava vert presiserte nærmare i studieheftet frå studiestaden.

Vurderingsform

Munnleg eksamen.

Karakterskala bestått/ikkje bestått.

Ny/utsett eksamen: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel