Hopp til innhald

SA594 Sosiologiske perspektiv

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal formidle ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske sosiologiske teoritradisjonar til nyare teoribidrag. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar. Dei blir også introduserte for mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling og sosialisering. Vidare gjev emnet ein introduksjon til nyare samfunnsvitskaplege teoriar særleg knytt til diskusjonar om aukande individualisering og kulturell frisetjing. Studentane får også ei innføring i didaktiske problemstillingar i form av tematisering av sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne:

Kunnskapar

  • har studenten brei kunnskap om sosiologiens historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
  • kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep (grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, osb.)
  • har studenten kunnskap om førekomsten av sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning

Ferdigheiter

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske teoritradisjonar i akademisk arbeid
  • kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
  • kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om sosiologiske omgrep og teoritradisjonar
  • har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i sosiologisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, skriftleg arbeid, seminarundervisning og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen i 10 dagar. Omfang: 3000 ord. Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle lovlege hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel