SK165 Kommunehelsetjeneste og psykisk helsearbeid/helsevern
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhold og oppbygning
Innhaldet i dette emne er sjukepleie i kommunehelsetensta (sjukepleie i heimen) og i spesialisthelseteneste. Sjukepleie i psykisk helseteneste er knytt til kommunehelseteneste. Sjukepleie i psykisk helsevern er i spesialisthelsetenesta.
- Sjukepleiar sine funksjonar i heimesjukepleien og psykisk helsearbeid/helsevern
- Yrkesetikk og etiske dilemma
- Menneskesyn i psykisk helsearbeid og heimesjukepleie
- Terapeutisk relasjonsarbeid i sjukepleien
- Helsefremming, livskvalitet og meistring ved kronisk sjukdom
- Vald i nære relasjonar
- Hovudgruppene av psykiske lidingar/ rusavhengigheit og behandlingsmetodar
- Observasjon, vurdering og sjukepleietiltak ved heimebuande akutt kritisk sjuke og eldre med multisjukdommar
- Psykisk utviklingshemming
- Rehabilitering, recovery og individuell plan
- Legemidlar, interaksjonar og moglege komplikasjonar, med eit særleg fokus på eldre og psykofarmakologi
- Brukarmedverknad, familie- pårørande samarbeid og nettverksarbeid
- Sentrale politiske og juridiske føringar for kommunehelseteneste og psykisk helsearbeid/helsevern
- Tverrprofesjonelt samarbeid
- Kultur og kulturskilnad i møte med personar med minoritetsetnisk bakgrunn i kommunehelsetenesta og psykisk helseteneste