SK166 Rettleia praksis i psykisk helsearbeid/helsevern
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I dette emne er det praksis i psykisk helseteneste/psykisk helsevern.
Innhaldet er følgjande:
- Utøver sjukepleie til pasientar/brukarar og pårørande under rettleiing av praksisrettleiar, med gradvis auke av sjølvstende
- Deltek i tverrprofesjonelt samarbeid
- Ivaretek brukarmedverknad
- Deltek i samtaler med pårørande
- Administrerer legemidlar under rettleiing
- Dokumenterer og formidlar sjukepleie i psykisk helsearbeid/helsevern
- Individuelt skriftleg arbeid
Kullet blir delt i to grupper, ein del av kullet har praksis i heimebaserte tenester i den første praksisperioden og resten av kullet i den andre praksisperioden.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan studenten:
Kunnskap;
- har kunnskap om sjukepleie i helsefremmande tiltak, behandling og rehabilitering
- nyttar kunnskap om korleis rus- og psykiske helseproblem verkar inn på livssituasjonen til pasient, familie og sosial nettverk
- har innsikt i kvarden aktuelle praksisplassen er i behandlingskjeden til personar som mottar psykisk helsehjelp
- har kunnskap om brukarmedverknad i helsefremmande tiltak, behandling og rehabilitering
Ferdigheter
- kan organisere eige sjukepleiefagleg arbeid i psykisk helsearbeid/helsevern og grunngje handling
- kan identifisere individuelle behov, føreslår individuelle sjukepleie og miljøterapeutiske tiltak, samt føl opp og evaluerer tiltaka
- kan reflektere over eiga faglege utøving, søker rettleiing og kjenner grenser for eigen kompetanse.
- kan kommunisere og samarbeide på ulike nivå i organisasjonen
- kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag, etiske retningslinjer og lovverket som regulerer yrkesutøvinga
- kan administrere legemiddel forsvarleg, og observerer og formidlar verknad, biverknad og moglege interaksjonar og komplikasjonar
- kan etablere relasjonar, informere og rettleie pasientar/brukarar og reflektere over eigen kommunikasjon og samhandling
- kan vise forståing for ulike kulturar og utøver sjukepleie til personar med minoritetsetnisk bakgrunn
Generell kompetanse
- har innsikt i og forstår korleis psykisk helseteneste blir organisert og koordinert innan og på tvers av kommunehelsetenesta og spesialisthelseteneste
- har innsikt i pasient/brukar og pårørande sin situasjon
- kan dokumentere og formidle observasjonar og utøvd sjukepleie munnleg og skriftleg ved hjelp av relevante dokumentasjonssystem og IKT-løysingar
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, SK155, SK162, SK163, SK164 og SK151, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK165 må vere greidd før start i emnet SK166.
Undervisnings- og læringsformer
- Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
- Erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper
- Skriftleg arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd (SK166/SK167):
- Deltaking på to seminar:
- Seminar 1: kommunikasjon
- Seminar 2: pårørande
Vurderingsform
Rettleia praksis i psykisk helsearbeid/helsevern. Greidd/ikkje greidd