Hopp til innhald

FRIB104 Friluftsliv og aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhold og oppbygning

Gjennom praktiske friluftslivsaktivitetar og tilhøyrande teori skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i basisfriluftsliv, klatring, kano, havkajakk, orientering, førstehjelp og livredning ute, skiteknikk og nordisk vinterferd. I emnet er det integrert tre sertifiseringar knytt til friluftslivsaktivitetar: Brattkort klatring (Norges Klatreforbund), grunnkurs havkajakk (Norges Padleforbund), grunnkurs skred (Norsk Fjellsportforum). Emnet er bredt og skal gi ein introduksjon til, og ein grunnleggande erfaring i, dei aktivitetane, den kunnskapen og dei ferdigheitene som er sentrale i undervisninga på andre- og tredjeåret i bachelor friluftsliv. 

Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år. 

Ekskursjonar:

  • Friluftsliv haust: Kano, orientering, førstehjelp, livredning i vann. Tre dagar
  • Orientering: Dagsekskursjon
  • Eigenferd haust: Turplanlegging, orientering, leirliv og trivsel på tur, tre dagar
  • Friluftsliv vinter: Nordisk vinterferd med fokus på fjellski, telt og nødbivuakk. Tre dagar
  • Friluftsliv, vinter: Skiteknikk (alpint og fjellski) og topptur med basis skredlære i enkelt oversiktlig terreng, tre dagar
  • Topptur: Fokus på redning. Dagsekskursjon
  • Friluftsliv vår: Grunnkurs havkajakk, to dagsekskursjonar.
  • Eigenferd vår: Basisfriluftsliv, to dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om normer, regler og lover knytt til utøving av friluftsliv
  • har generell kunnskap om friluftslivets betyding i samfunnet i dag
  • har brei kunnskap om sentrale ferdigheiter for utøving av eit trygt friluftsliv ved alle årstider
  • har grunnleggande kunnskap om snøskred og bruk av skredvarsel (varsom.no)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ferdas trygt på flatt vatn i havkajakk og i kano
  • kan gjennomføre kameratredning i kajakk og kano og egenredning i kajakk på flatt vatn
  • kan utøve god og trygg sikringsteknikk ved inneklatring
  • har grunnleggande eigenferdigheit innan skiteknikk og vinterferdsel på fjellski og på alpin-/telemarkski
  • kan utføra kameratredning i snøskred
  • kan beherske grunnleggande funksjoner i kartapplikasjonar på mobiltelefon

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre livredning i, ved og på vann ute i naturen og gje livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR) 
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og noko teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering). Alle ekskursjonane inneheld tema med læringsmål knytt til eit eller fleire læringsutbyttebeskrivelsane.
  • Ein skriftleg innlevering (haust) for å vise teoretisk kunnskap om normer, reglar og lover ved utøving av friluftsliv, samt friluftslivets betyding i samfunnet.
  • Ein digital innlevering med bruk av video og refleksjonsnotat knytt til ferdigheiter i ein valfri aktivitet (kano, kajakk, ski, klatring).
  • Kurset Barneidrettstreneren frå NIF
  • Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 30 minutt). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

I førebuingsfasen og til den praktiske gjennomføringa av eksamen kan alle hjelpemiddel nyttast.

Mer om hjelpemidler

Faglig overlapping

  • KRO1004 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng