SK157 Helsefremjande og førebyggjande arbeid
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om helsefremjande og førebyggjande arbeid på ulike område i samfunnet. Undervisninga er knytt til fire tema:
Tema 1 Grunnlagstenking:
- Definisjonar og teoriar i helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Juridisk regulering av helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Offentlige og frivillige aktørar, samt organisering av helsefremjande og førebyggjande aktivitet
- Mål- og risikogrupper innan helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Helsedeterminantar og helsetilstand på individ- og gruppenivå
- Empowerment, meistring og endring av helseåtferd
- Helsefremjande samtale
- Helsekompetanse (health literacy)
- Intervju og observasjon som metode for kartlegging og evaluering *
- Tverrprofesjonell samarbeidslæring
Tema II Aktivitet, kultur og helse.
- Fysisk aktivitet og helse
- Kulturell aktivitet og helse
- Sosiale medium og helse
- Helsefremjande arbeidsplassar
Tema III Migrasjon og internasjonal helse:
- Globale og lokale satsingar og program innan helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Migrasjon: årsaker og fellestrekk
- Mottak og opphald i Noreg
- Kulturell tilpassing og helseutfordringar ved migrasjon
- Helseutfordringar i andre minoritetsgrupper
- Reisemedisin
- Smittsame sjukdomar og andre globale helseutfordringar
- Internasjonalt helsefremjande og førebyggjande arbeid
Tema IV Helse i forhold til barn og ungdom:
- Oppvekstvilkår og helse
- Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
- Samliv og seksuell helse
- Førebyggjande arbeid i forhold til rusmiddel og anabole steroider
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innan helsefremjande og førebyggjande arbeid
- har kunnskap om faktorar som påverkar helse (helsedeterminantar) og hovudtrekk i folkehelsa har innsikt i etiske- og juridiske rammer, aktørar og organisering innan feltet
- har kunnskap om internasjonale, nasjonale og lokale føringar i helsefremjande og førebyggjande arbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan tilpasse og bruke kunnskapen sin i teoretisk og praktisk tilnærming til helsefremjande og førebyggjande arbeid
- kan utarbeide prosjektplan, gjennomføre og evaluere prosjekt knytt til praksis
Generell kompetanse
Studenten
- kan vise respekt for målgruppa sin råderett og kontroll og legge til rette for brukarmedverknad
- kan formidle kunnskap om helsefremjande og førebyggjande arbeid
- kan medverke til entreprenørskap og innovasjon
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK169, SK155, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK162 må vere greidd før start i emnet SK157
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Gruppearbeid
- Seminar
- Skriftlege oppgåver og munnleg framlegg i grupper
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
- Delta på obligatorisk førelesingar. Dette kjem fram av timeplanen.
- Delta på rettleiing på prosjektplan
- Delta på rettleiing på prosjekteksamen
- Godkjent prosjektplan
- Godkjent og stadfesta observasjonspraksis tilsvarande 8 dagar
- Godkjent poster og deltaking på posterworkshop
- Framlegg av prosjektarbeid for medstudentar og lærar
Vurderingsform
Prosjekteksamen i gruppe. Vurdering: greidd/ikkje greidd.
Ved karakteren ikkje greidd ved prosjekteksamen kan gruppa arbeide vidare med same problemstilling til ny eksamen. Gruppa får tilbod om ein time rettleiing ved ny eksamen.