Hopp til innhald

FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Oppgåva kan vere retta mot fornybar energi, naturvitskap eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast i samråd med rettleiar, og innan fagfelt der ein har fagleg kompetanse og kapasitet ved instituttet.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten skal kjenne til dei viktigaste fasane i gjennomføring av eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • Studenten skal kunne gjennomføre innsamling av datamateriale.
  • Studenten skal kunne gjennomføre syntese-/analysearbeid.
  • Studenten skal kunne presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar.
  • Studenten skal kunne søkje og finne fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
  • Studenten skal kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

Kompetanse

  • Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve, kan kandidaten gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige energifaglege, økonomiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten kan definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og er i stand til å gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten veit korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kan formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i fornybar energi eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig student-gruppearbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. 2-3 studentar går saman om ei oppgåve, seminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på bachelorseminar i januar.

Munnleg gruppe-presentasjon av oppgåva før innleveringsfristen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. 

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel