HYD800 Innføring i hydrogen
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar grunnleggande tema innanfor hydrogenteknologi og kan delast opp i seks bolkar:
- Grunnleggande om hydrogen: Her vil ein sjå på kva ein gass er og kva eigenskapar hydrogen har som gjer det aktuelt som ein energiberar.
- Bruk av hydrogen: Dei ulike formane for brenselceller vil bli gjennomgått, inkludert motorar og teknologiane som brukast saman med hydrogen.
- Hydrogenproduksjon: Hydrogen kan produserast med både fornybare og ikkje-fornybare kjelder. Dei ulike alternativa vil bli gjennomgått og satt opp mot kvarandre.
- Hydrogenlagring: Hydrogen kan lagrast på ulike måtar, som for eksempel flytande ammoniakk, flytande organiske hydrogenberarar, i gassform eller metallhydrid. Dei ulike alternativa vil bli introdusert og vurdert opp mot kvarandre.
- Farane med hydrogen: Ein vil sjå på kvifor hydrogen blir sett på som så farleg (brann og eksplosjonsfare) og kva ein kan gjera for å handtera det på ein trygg måte.
- Lover og reglar for hydrogen: Hydrogenindustrien er relativt ny og regelverka er framleis under utvikling. Det blir ein gjennomgang av kva lover og reglar som gjeld for dei ulike sektorane, og godkjenningsorgana som vert nytta i Noreg.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten…
- Kan greie ut om dei viktigaste eigenskapane til gassar og hydrogen
- Kan greie ut om dei viktigaste metodane innan hydrogenproduksjon, distribusjon og bruk
- Kjenner til gjeldande forskrifter og lovar innan sikkerheit for hydrogenanlegg
Evner
Studenten…
- Kan forstå overordna energiberekningar med bruk av hydrogen som energiberar
- Kan vurdera hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i eit energiprosjekt
- Kan på eit overordna nivå vurdera sikkerheit i hydrogenprosjekt
Generell kompetanse
Studenten…
- Kan på ein kritisk og kunnskapsrik måte kommunisere med ingeniørar, teknologar og naturvitarar omkring prosjekt og utfordringar knytt til hydrogen
- Har ei overordna forståing for hydrogennæringskjeda,
- Har innsikt i korleis hydrogen erstattar ikkje-fornybare energikjelder
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil vere digital. Det vil vere forelesningar på ettermiddagstid, der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Mellom undervisningsbolkane vil det vera sjølvstudium, arbeid med øvingsoppgåver og kollokviearbeid i grupper. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar. Alle fem må vere bestått med 100 % for å få kursbevis/ta eksamen.
Alle arbeidskrava må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen eller få godkjent kursbevis.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemidlar er tillatne.
Meir om hjelpemiddel