Hopp til innhald

HYD801 Hydrogenteknologi I

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

HYD801 dekkjer hydrogenteknologi frå grunnleggjande hydrogenfysikk/kjemi, produksjon, lagring, bruk og tryggleik/lovverk for bruk av hydrogen.

HYD801 kan enkelte gonger bli køyrt med ekstra fordjupning i spesifikke tema. Dette vil i så fall bli annonsert på informasjonssidene til etter- og vidareutdanningskursa i hydrogen, men vil ikkje påverke innhaldet i eller omfanget av kurset i stor grad.

Konkrete tema som dette kurset vil ta for seg:

Grunnleggjande om hydrogen:

Ein grunnleggjande definisjon på kva ein gass er, og spesielle eigenskapar til gassar. Det vil deretter bli gitt ein innføring i hydrogenets eigenskapar, og kva former den kan ha (væske, gass).

  • Hydrogenproduksjon:

Hydrogen kan produserast på fleire måtar. Desse blir gjennomgått og vurdert mot kvarandre med tanke på miljø, kostnadar og berekraft.

  • Hydrogenlagring:

Lagring av hydrogen kan gjerast på mange måtar. Dei ulike måtane blir skildra, og vurdert opp mot kvarandre utifrå eit teknologisk og tryggleiks-perspektiv.

  • Bruk av hydrogen:

Temaet går inn på kva som er så "spesielt" med bruk av hydrogen. Det vil bli gjennomgått ulike mål for energitettleik, og diskusjonar kring ulike formar for energi og korleis hydrogen kan samanliknast med desse. Hydrogen kan brukast på fleire måtar, og desse vil bli skildra i kurset. Hydrogen kan omdannast til energi, og dette vil bli skildra med bruk av døme som brenselceller, motorar og turbinar. Korleis hydrogen vert nytta i industrielle prosessar vil og bli gjennomgått.

  • Helse, miljø og tryggleik knytt til arbeid med hydrogen:

Sidan det er store farar knytt til bruk av hydrogen, er det viktig å kunne arbeide med hydrogen på ein trygg måte. Generell tryggleik rundt hydrogen vil bli gjennomgått, og meir avanserte døme vil bli diskutert. Praktiske døme på hydrogenbrannar og -eksplosjonar blir nytta for å få betre innsikt i korleis ulykker kan bli unngått.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

Studenten…

  • har brei kunnskap om hydrogen, som spenner frå hydrogen sine eigenskapar til produksjon, lagring, bruk og tryggleik
  • har kunnskap om bruk av hydrogen i maritim sektor og på land
  • har kunnskap om bruk av hydrogen i ulike prosessar
  • kjenner til korleis hydrogen vert nytta i samfunnet i dag

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan vurdere hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt
  • kan vurdere tryggleik i hydrogenprosjekt
  • kan vurdere bruk av hydrogen i maritim sektor
  • kan vurdere bruk av hydrogen på land og i industri
  • kan vurdere bruk av hydrogen i ulike prosessar

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan bidra i utvikling av hydrogenprosjekt, og delta i faglege diskusjonar kring hydrogenteknologi
  • kan bidra til å auke tryggleiken innan hydrogenteknologi på arbeidsplassen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til grunnleggjande matematikk, fysikk og kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil for det meste vere digital. Det vil vere forelesingar på ettermiddagstid, der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Mellom undervisningsbolkane vil det vere sjølvstudium og arbeid med øvingsoppgåver. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform. Det vil vere ein fysisk samling i løpet av semesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar.

Det vil bli gjennomført eit laboratoriekurs som er obligatorisk. Kurset vil være organisert som fysisk samling i Bergen. Dei som ikkje kan delta på dette vil bli gitt ein alternativ obligatorisk øving.

Alle fem quizar og laboratoriekurs må vere bestått med 100 % for å få kursbevis/ta eksamen.

Tidsfristar vert satt ved kursstart.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen 

Meir om hjelpemiddel