JU5-104 Forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Forvaltningsrett er rettsreglane om organisering, ansvarstilhøve og kompetanse til å treffe avgjerd i offentleg forvaltning. I tillegg kjem reglane om dei rettane og pliktene private har overfor forvaltninga.
Med offentleg forvaltning meiner vi organ og verksemder som høyrer inn under stat og kommune. Døme på offentlege organ er NAV, Statsforvaltaren, Helsedirektoratet eller ein kommune eller fylkeskommune. Private som tek avgjerd på vegne av offentleg forvaltning om rettar og plikter for private rettssubjekt er også med. Stortinget og domstolane vert her ikkje rekna som ein del av forvaltninga.
Emnet omfattar ikkje den samla forvaltningsretten, men konsentrerer seg om dei reglane som regulerer forvaltningsprosessen (forvaltningsloven).
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter at kurset er gjennomført skal studenten ha:
- Kjennskap til dei omsyna som forvaltningsloven bygger på og loven sin systematikk.
- Kjennskap til sentrale forvaltningsrettslege omgrep, og særleg god kjennskap til rettstryggleiksomgrepet.
Særleg god kjennskap til:
- Verkeområdet for forvaltningsloven.
- Inhabilitet.
- Forvaltninga si utgreiingsplikt og partane sin rett til å verte varsla og til å få uttale seg.
- Retten til dokumentinnsyn etter forvaltningsloven og offentleglova.
- Krava til form og grunngjeving for vedtak.
- Klage på vedtak gjort av forvaltninga og omgjering av vedtak utanfor klagesak.
Etter at kurset er gjennomført skal studenten ha desse ferdigheitene:
- Kunne finne fram til, identifisere, systematisere og formulere forvaltningsrettslege problem som har sitt utspring i forvaltningsloven eller ulovfesta normer for forsvarleg sakshandsaming.
- Kunne diskutere rettspolitiske spørsmål knytt til forvaltningslova, og kunne vege omsyna til effektivitet og rettstryggleik mot kvarandre.
Etter at kurset er gjennomført skal studenten å ha slik generell kompetanse:
- Kunne drøfte juridiske spørsmål der det rettslege grunnlaget er lovfesta eller ulovfesta.
- Kunne identifisere samspelet mellom ulike rettslege grunnlag, konkretisert gjennom tilhøvet mellom forvaltningslova og offentleglova.
- Kunne tileigne seg nye rettslege kunnskapar både sjølvstendig og i gruppe.
- Kunne formidle juridiske analysar og konklusjonar, både skriftleg og munnleg.
- Kunne presentere og argumentere for egne juridiske vurderingar og konklusjonar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Examen fakultatum/juridisk forprøve (JU5-100) og Arve- og familierrett (JU5-106)
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver, framlegging av oppgåve på seminar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i gruppe. Inntil 3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan verte pålagt å halde presentasjon og levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samband med seminar. Ein kan og måtte kommentere på andre studentar sitt utkast til oppgåvesvar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, og alt av EØS- og EU-rettskilder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna) og bokmål/nynorsk ordliste.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-1003 - Forvaltningsrett - Reduksjon: 7,5 studiepoeng