Hopp til innhald

JU5-106 Arve- og familierett

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Familieretten tek for seg rettsforholdet mellom ektefeller, både under ekteskapet og ved oppløysing av ekteskapet, samt tilsvarande rettsforhold ved ugift samliv.  Sentrale tema er økonomiske rettsverknader av å inngå ekteskap, deling av formuen ved separasjon og skilsmisse, og formuesforholdet mellom sambuare og det økonomiske oppgjeret ved samlivsbrot. Rettsforhold mellom barn og foreldre er ikkje ein del av emnet.

Arveretten handlar om kva som skal skje med ein død person sine økonomiske pliktar og formue. Dette emnet omfattar på reglane om  arv ved dødsfall, reglar for å sitje i uskifta bu og reglar omkring tolking, oppretting, tilbakekall og bortfall av testament.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om: 

  • grunnleggende familie- og arverettslige begreper om ektefellers underholdsplikt, representasjonsrett, formuesordningene felleseie og særeie, ektepakt, likedeling, skjevdeling, berikelseskrav, naturalutlegg, arv etter loven, testament, arving, livsarving, samboer, minstearv, pliktdel og uskifte.
  • formuesforholdet mellom ektefeller og sambuarar
  • det økonomiske oppgjeret mellom ektefeller ved separasjon og skilsmisse og mellom sambuarar ved samlivsbrot
  • rett til arv etter lova
  • rett til arv etter testament
  • særleg dei almenne formkrav og ugyldigheitsreglar for testament
  • minstearv og pliktdel som grenser for testasjonsretten
  • oppgjør av arv
  • uskifte

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • analysere familie- og arverettslige problemstillinger grundig og balansert
  • anvende juridisk metode for å fastlegge innholdet i familie- og arverettslige regler
  • drøfte og ta stilling til konkrete rettslige konflikter ved å identifisere, formulere og systematisere familie- og arverettslige argumenter, skriftlig og muntlig
  • delta i grupper og bidra aktivt til en akademisk diskusjon av familie- og arverettslige problemstillinger; herunder konstruktivt kommentere og evaluere andre studenters analyser, og selv ta imot og gjøre bruk av andres konstruktive kommentarer

Generell kompetanse:

Studenten kan: 

  • tileigne seg ny kunnskap av rettsleg karakter, både sjølvstendig og i gruppesamarbeid
  • drøfte juridiske spørsmål som må avgjerast på bakgrunn av både lovfesta og ulovfesta rettskilder, og ha ei metodisk forståing for særlege argumentasjonsmåtar som ulike rettskilder forutset
  • formidle juridiske analysar og konklusjonar, både skriftleg og munnleg
  • presentere og argumentere for eigne juridiske vurderingar og konklusjonar
  • anvende juridisk metode for å utlede argumenter knyttet til tolking av lovregler.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det tilrådd at studenten har teke examen fakultatum og examen philosophicum. 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar. Inntil 4 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan verte pålagt å halde presentasjon og levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samband med seminar. Ein kan og måtte kommentere på andre studentar sine oppgåvesvar. 

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

4 timar skuleeksamen, bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeider, forskrifter, rettspraksis frå Høyesterett og lagmansrettene, og alt av EØS- og EU-rettskilde, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), bokmål/nynorsk ordliste og enkel kalkulator (ikkje programmerbar).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU5-102 - Arve- og familierett - Reduksjon: 11 studiepoeng