JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigendomsmeglarar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet dekkjer følgjande tema:
- Omgrep og tolkingsreglar
- Likningsforvaltning og skattebetalingsordning
- Omfanget av skatteplikt til Noreg
- Skattesubjekt
- Inntekts- og formueskattlegging av person
- Overordna prinsipp for skattlegging av person og selskapsskattlegging
- Rammeverk for meirverdiavgift
- Skatte- og avgiftsreglar knytte til fast eigedom
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Har kjennskap til hovudreglane for skattlegging av inntekt og formue for personar.
- Kjenner overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemder
- Har kjennskap til regelverket knytt til skatteplikten til Noreg og kva kommune skatten skal betalast til
- Kjenner reglane omkring skatteplikt i samband utleige og realisasjon av fast eigdeom
- Har kunnskap om momsregelverket
- Kjenner regelverket omkring utleige og frivillig registering av meirverdiavgift knytt til fast eigedom
- Har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett, skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting.
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan rekne ut alminneleg inntekt, personinntekt og skattbar formue med utgangspunkt i skattelov, forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
- Kan rekne ut nettoskatt, trygdeavgift, trinnskatt og formueskatt med utgangspunkt i forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
- Kan finne ut om utleigeinntekter og realisasjonsinntekter knytt til fast eigedom er skattepliktig eller ikkje og rekne ut skattepliktig inntekt/frådrag for tap.
- Kan vurdere og handsame meirverdiavgiftsmessige transaksjonar i ei verksemd
- Kan gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan tilegne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsrområda som er nemnt ovanfor.
- Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt med andre fagpersonar.
- Kan sjå emnet i ein større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminar med oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt og i gruppe. Arbeidskrava må vere greidde for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna).
Kalkulator.
Meir om hjelpemiddel