MGUKH131 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1, emne 1 gir en innføring i design, kunst og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium knytt til gjeldande læreplan for 5-10 trinn i grunnskolen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.
Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten
- har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
- har grunnleggande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har grunnleggande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
- har grunnleggande kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
- har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kildekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan både i eigne og i elevane sine skapande prosessar, bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, idear, dokumentasjon og vurdering
- kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene
Generell kompetanse
Kandidaten
- forstår korleis skapande arbeid med materiale utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan utnytte elevmangfoldet som utgangspunkt for tilpasset opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
- Praktisk arbeid, i verkstedene,individuelt og i grupper
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- Munnleg framlegg i gruppe
- Skriftleg individuell oppgåve
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel