Hopp til innhald

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane få kunnskap og ei grunnleggjande forståing for ulike sentrale delar av reiselivsnæringa. Reiseliv er eit stadig veksande samfunnsfenomen og som næringsfelt er reiselivet samansett og kontinuerleg i utvikling. Studentane skal få ei forståing for reiselivshistorie samt reiselivsnæringa i dag. Vidare skal studentane mellom anna lære om formål med reisa og marknaden, om det heilskapelege reiselivsproduktet, ulike reisemønster, aktørane i reiselivsnæringa og berekraftig/ansvarleg reiseliv.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap: 

Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om omgrep og teoriar knytt til:

- reiselivet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

- sentrale omgrep og definisjonar i reiselivet. 

- reiselivet som samfunnsfenomen og som næringsfelt  

- utviklingstrekk og trendar i reiselivet

- korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman

- ulike formål med reisa og marknaden 

- reiseliv, berekraft og miljø

 

Ferdigheiter: 

Ved fullført emne kan kandidaten anvende ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å:

- formidle og drøfte relevant teori, modellar og analysar både skriftleg og munnleg

- anvende reiselivsfagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar

 

Generell kompetanse: 

Ved fullført emne kan kandidaten:

- formidle grunnleggjande fagstoff og relevant forsking samt finne relevante problemstillingar innan reiselivet

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, seminar, ekskursjon og gjesteførelesing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil tre arbeidskrav. Arbeidskrav må vere bestått for å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. 

Bokstavkarakter. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-104 - Reiselivskunnskap - Reduksjon: 5,5 studiepoeng