STM101 Språk, tekst og matematikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barn si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for barn sin leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om barn sitt språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur. På den andre sida handlar det om barn si matematiske meiningsskaping, kreative undring, leik og problemløysing. Andre sentrale emne er barn si omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skole.
Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barn sin leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren er sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barn si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.
Kunnskapsbasen bygger på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om barn si matematiske utvikling, spesielt innanfor tall-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv
- har kunnskap om barn si språkutvikling, munnleg og skriftleg språkbruk og språkvanskar, også i fleirspråkleg perspektiv
- har kunnskap om barn si problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling
- har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske
- har grunnleggande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barn sine teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling
- har grunnleggande kunnskap om barn si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling
Ferdigheter
Studenten
- kan observere, vurdere, legge til rette for og støtte barn si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen
- er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremmer barn si aktive deltaking, utvikling og danning
- kan leggje til rette for eit inkluderande og variert lekemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing
- kan legge til rette for kvalitet og mangfald i barn sine tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv
- kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til språk, tekst og matematikk
- kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barn sine språklege, tekstlege og matematiske erfaringar
- kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.
PRAKSIS
Leiing av seg sjølv og barna
Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærar-rolla, som å:
- vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
- planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
- legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
- reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
Leiardagane minimum 3 skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår), og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytte til emnet sine læringsutbytte. Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:
- Eit utviklingsarbeid i gruppe knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg fagtekst
- Ein individuell skriftleg fagtekst i form av presentasjon av ei bildebok og diskusjon av ulike kvalitetar ved denne boka
- Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til praksis, munnleg i gruppe
Rammeplan for barnehagelærarutdanning slår fast at ein barnehagelærar skal meistre norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Gjennom dei obligatoriske læringsaktivitetane i dette emnet skal studenten derfor vise at dei har slik kompetanse i begge målformer.
- Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjort til fastsette fristar og godkjent av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjent kan takast på nytt neste semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk, 30 minutt. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart.
Tid og stad for eksamen vil bli opplyst på Studentweb og på emnet sine sider på læringsplattforma Canvas.
Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel