FE406 Energiøkonomi
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kurset består av grunnleggjande kostnadsteori og investeringsteori der døma i stor grad blir henta frå fornybar energiproduksjon. I kurset vil det bli gitt ei innføring i dei faktorane som påverkar kontantstraumane til fornybare energiprosjekt. Kurset vil ha fokus på praktisk bruk av den økonomiske teorien.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal
- ha kunnskap om korleis usikkerheit påverkar investor sin risiko og korleis ein kan ta omsyn til risikoen i ein investeringsanalyse
- kunne kombinere denne kunnskapen til å utvikle gode reglar for å kunne ta avgjerder for konkrete prosjekt
Ferdigheiter
Studenten skal
- for ein gitt teknologi, kunne estimere kontantstraumen som fornybare energiprosjekt genererer
- for ein gitt teknologi, kunne identifisere usikre faktorar som påverkar desse kontantstraumane (marknad, politiske rammevilkår, teknologi og naturressursar)
Kompetanse
Studenten skal
- ha oversikt over dei mest kjende analyseverktøya som blir nytta når ein skal vurdere lønnsemda og risikoen til investeringsprosjekt for fornybar energiproduksjon
- ha oversikt over faktorar, som politiske rammevilkår, teknologi og ressursgrunnlag, som påverkar kontantstraumane til eit slikt prosjekt
- kunne vurdere om det er lønnsamt å investere i eit prosjekt når det er usikkerheit knytt til faktorane som påverkar kontantstraumen
- forstå dei økonomiske karakteristikkane til kraftverk basert på ulike fornybare energikjelder
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MA415 og FE405
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, innleveringar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre (3) skriftlege innleveringar i gruppe (1-3 studentar) som inneheld praktisk bruk av teorien til emnet på konkrete fornybar energi-prosjekt. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg gruppebasert prosjektoppgåve med grupper på 1-3 studentar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel