Hopp til innhald

BIDR311 Aktivitetsmedisin

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet Aktivitetsmedisin består av to delar. Starten av emnet har fokus på aldringsprosessar og fysisk aktivitet og trening for eldre. Andre del av emnet har fokus sjukdomslære, dosering og val av aktivitetar og treningsmetodar tilpassa ulike tilstandar og sjukdommar. Undervisninga vil vere både teoretisk og praktisk og ta utgangspunkt i både norsk og internasjonal litteratur og forsking.

Praksisperiode på to veker skal gjennomførast ved ein praksisplass som er fagleg relevant innan trening, fysisk aktivitet og helse. Studentane må sjølve finne seg praksisplass.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan fagområdet aktivitetsmedisin
  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan påverke alderdomsprosessar og aldersrelaterte tilstandar
  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan påverke ulike diagnosar innan muskel-skjelettlidelsar, nevrologi, reumatologi, mm.
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid som ligg til grunn for val av treningsmetodar og dosering av fysisk aktivitet og trening innanfor fagområdet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap og forsking i tilrettelegging av fysisk aktivitet og trening for personar med ulike funksjonsnivå og diagnosar
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt og erfaring i korleis tilpasse og gjennomføre fysisk aktivitet og trening for personar med ulike funksjonsnivå
  • kan samhandle med og formidle sentralt fagstoff for pasientar, brukarar og andre aktørar innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære, BIDR210 Fysiologi og treningslære, BIDR211 Førebyggjande fysisk aktivitet

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

I emnet inngår to veker samanhengande arbeidslivspraksis der studentane må finne praksisplass sjølv innan fagområdet idrett, fysisk aktivitet og helse (helsefremming, førebygging, behandling, rehabilitering). Det må skrivast avtale med rettleiar på praksisplassen. Rettleiar må ha minst bachelorutdanning innan fagområdet fysisk aktivitet og helse. Det er ynskjeleg at studenten skal gjennomføre sjøvstendige arbeidsoppgåver i praksisperioden. Dersom studenten finn praksisplass ein annan stad enn på studiestaden må studenten sjølv ordne bustad i praksisperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Deltaking i praktiske timar
  • Oppgåveframlegging
  • Gjennomføring av praksis
  • Praksisrapport
  • Deltaking på praksisseminar

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om korleis og kvifor fysisk aktivitet og trening påverkar ulike diagnosar og tilstandar, korleis planlegge og gjennomføre førebyggande og behandlande fysisk aktivitet, samt samhandle med pasientar og brukarar innan fagområdet.

Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon, totalt 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel