GE483 Climate Change
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset er sett saman av to delar, og består av ein meteorologi del (~2 veker) og ein klimatologi del (~4 veker). Studentane er introdusert til grunnleggande meterologiske omgrep, som til dømes korleis atmosfæren er strukturert, jordas energi balanse, vêr-prosssar (lufttemperatur, fuktigheit, nedbør, skyer, lufttrykk, og vind), vêrvarsling og teorien om polarfronten. I tillegg vil ulike vêr-system og fenomen vil bli forklart.
Klimatologi delen av kurset gir ei oversikt i fortidsklimaet frå siste istids maksimum til dagens klima og vidare inn i framtidas klima. Kurset fokuserer på korleis naturlege og menneskeskapte prosessar påverkar klimaet vårt med ulik tids- og romlegskala. Tema som vert undervist i kurset er mellom anna karbonkrinslaupet, solinnstrålingen påverknad på klimaet på jorda, drivhusgassar og hav-atmosfære interaksjonar. Vi undersøkjer ulike metodar for å forske på tidlegare klimaendringar, og kva arkiv som er relevant for å forstå korleis klimaet har variert attende i tid. Vi diskuterer og gjer greie for dei framtidige endringane som vil skje på jorda i løpet av dei neste hundreår.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane:
- får ei god forståing av kva som påverkar og driv dagens klimasystem på jorda.
- forstår og veit om dei viktigaste metodane for å rekonstruere tidlegare klimaendringar frå ulike naturlege arkiv, og kan vurdere kritisk usikkerheit og manglar i klimarekonstruksjonar.
- får ei god forståing av dei klimaendringane som har skjedd gjennom den geologiske tidskala og kan gjere greie for teoriane som forklarer desse.
- får ei detaljert forståing av klimaendringar som tok plass dei siste 10 000 år.
- får ei god oppfatning av rådande teoriar og modellar for klimaendringar i framtida.
Ferdigheiter
Studentane kan:
- konstruere kart med isobarar, isotermiske kart og frontar på kart.
- samle inn og rapportere om informasjon frå ulike vêr-hendingar.
Generell kompetanse
Studentane:
- får kompetanse innan grunnleggande meteorologiske prosessar, før- og notidsklima samt framtidige klimaendringar.
- lærer om strukturen til atmosfæren, havet og jordoverflata, og korleis dei verkar i samspel i ein klimatisk kontekst.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GE-406 Geologi grunnkurs
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar og to-dagars obligatorisk innlevering av oppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjent minimum fire oppgåver
- Godkjent obligatorisk innlevering
Vurderingsform
Munnleg eksamen på norsk eller engelsk, 15 minuttar, pluss 20 minuttar til førebuing utan hjelpemiddel.
Karakterskala A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ordbøker
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- GE489 - Past and Present Climate - Reduksjon: 7,5 studiepoeng