KKK201 Kunst, kultur og kreativitet
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Utvikling av praktiske dugleikar, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn i ulike aldersgrupper utvikler eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og leik, læring og danning hos barn.
Barnehagen utvikler sin kultur i nært samspel med ulike aktørar i kunst- og kulturfeltet i lokalmiljøet, og kunnskapsområdet tydeleggjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til kulturelle tradisjonar og aktuelle strømningar i kunst- og kulturliv.
Kunnskapsbasen bygger på barnehagepedagogisk kunnskap, kunstfaga musikk, drama, forming og norsk, og på kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet.
Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet. I praksisstudiet 2. studieår skal studenten arbeide med leiing av barn og medarbeidarar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har innsikt i korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barn sin leik, og innsikt i korleis kunst og kultur virkar inn på barn sine uttrykksformar
- har kunnskap om barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjonar, kulturelt mangfald og norsk kulturarv
- har kunnskap om leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid
- har kunnskap om estetiske virkemiddel, arbeidsmåtar, material, instrument, verktøy og teknologi i litteratur, musikk, drama og forming
- har kunnskap om barn si utvikling innanfor dei estetiske fagområda, og de estetiske fagområda si betydning for barn si utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til å bruke dramatiske, visuelle, musikalske og litterære virkemiddel, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i dei ulike fagområda
- kan integrere element frå fagområda drama, norsk, kunst og handverk og musikk i fleirfagleg arbeid
- kan stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom analoge og digitale uttrykksformer
- kan bruke sin faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar
- kan legge til rette for barns møter med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid
- kan leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta fagleg og etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering
- kan skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, utforsking, skaparglede og leik
- kan samtale med barn om kunst- og kulturuttrykk
Generell kompetanse
Studenten
- kjenner barnehagelærarens betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barn sine estetiske læringsprosessar
- kan stimulere barns musiske veremåte
- kan bygge på utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid i barnehagen
- ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet si kulturarena og sikrar barn sine ytringar og demokratiske retter ved å fremje deira estetiske språkformer
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, og kan delta i fagleg diskusjon og presentasjon knytta til kunstfagleg arbeid i barnehagen på ein kvalifisert måte.
Krav til forkunnskapar
Godkjent praksis 1. studieår.
Tilrådde forkunnskapar
ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet blir organisert med varierte arbeidsformer som fleirfagleg og tverrfagleg arbeid, forelesingar, gruppearbeid, seminar, praktisk arbeid, verkstadarbeid og sjølvstudium. Hovudvekta i studiet vil i stor grad vere praktisk-metodisk, men vil også kreve arbeid med relevant faglitteratur. Det blir lagt vekt på kunstfaglege arbeidsformer slik som praktisk framføring, ulike former for dokumentasjon, prosessuelt verkstadarbeid, utstilling, musisering, osv.
Studentane betaler kostnader til læremiddel (formingsmateriale) i emnet (300 kr), Minst ein konsert, utstilling, film og/eller profesjonell teaterforestilling inngår i emnet. Studentane dekker sjølv utgifter til billettar (ca 400 kr). Studentar som ikkje deltek må gjere tilsvarande arbeid i samråd med faglærar.
PRAKSIS
Praksis gjennomføres etter egne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLPR201) ligger i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsiden for praksis i barnehagelærerutdanningen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet kunst, kultur og kreativitet består av praktisk og metodisk undervisning. Store delar av undervisninga i emnet er basert på aktivitet i grupper der klassen som læringsmiljø er viktig, og må difor være obligatorisk for at læringsutbytta skal oppnåast. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte og aktiv deltaking i desse læringsaktivitetane er å rekna som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent.
- Godkjent obligatorisk deltaking (minimum 80 %) knytta til læringsutbyttene:
- studenten viser evne til å bruke dramatiske, visuelle, musikalske og litterære virkemiddel, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i dei ulike fagområda.
- har kunnskap om estetiske virkemiddel, arbeidsmåtar, material, instrument, verktøy og teknologi i litteratur, musikk, drama og forming
Ved manglande frammøte må emnet takast på nytt.
- Eit tverrfagleg (musikk, drama, forming) framlegg i gruppe der ein formidler og reflekterer over estetiske læreprosesser ein har tilrettelagt for i praksis knytta til læringsutbyttene:
- kan integrere element frå fagområda drama, norsk, kunst og handverk og musikk i fleirfagleg arbeid
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, og kan delta i fagleg diskusjon og presentasjon knytta til kunstfagleg arbeid i barnehagen på ein kvalifisert måte.
Dersom oppgåva ikkje vert godkjent på første forsøk, vert det gitt eit nytt forsøk.
- Ei oppgåve knytt til å planlegge, gjennomføre og reflektere over estetisk litteraturformidling i barnehagen (norsk) knytta til læringsutbytta:
- viser evne til å bruke dramatiske, visuelle, musikalske og litterære virkemiddel, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i dei ulike fagområda
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, og kan delta i fagleg diskusjon og presentasjon knytta til kunstfagleg arbeid i barnehagen på ein kvalifisert måte.
Dersom oppgåva ikkje vert godkjent på første forsøk, vert et gitt eit nytt forsøk.
Vurderingsform
Eksamen består av to deleksamenar:
Del 1: individuell vurderingsmappe
Del 2: praktisk gruppeeksamen.
Kvar deleksamen tel 50 % av karakteren i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått. Bestått deleksamen treng ikkje takast opp att.
Mappevurdering: Mappa inneheld prosessarbeid i faga drama, forming og musikk, basert på oppgåver som blir gitt i kvart fag. Retningsliner blir gitt ved semesterstart. Ein fagdel frå mappa blir trekt ut til vurdering. 1/3 av klassen blir trekt ut i kvart fag. Trekking av vurderingsmappa blir gjort etter innlevering. Ved ny eksamen skal studenten levere ei omarbeida mappe.
Praktisk gruppeeksamen: Det blir trekt eksamensgrupper som skal utvikle ei tverrfagleg framvisning over eit gitt antal dagar. Det skal skrivast gruppekontrakt ved eksamensstart. Nærare retningsliner og vurderingskriterier blir gitt ved eksamensstart. Gruppa får ein felles karakter.
Dersom ei gruppe stryk, blir ny eksamen gjennomført ved næraste eksamensavvikling. Dersom ein student ikkje får fullført eksamen med si gruppe, kan studenten ta gruppe-eksamen med ei ny gruppe ved næraste høve. Dersom dette ikkje let seg gjere, blir ny eksamen gjennomført som praktisk eksamen aleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1: Alle hjelpemiddel er tillate
Del 2: Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel