PPUA307 Praksis 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I første praksisemne er hovudtema lærarrolla og klasseleiing. Studentane skal begynne å utvikle seg som profesjonsutøvarar med fokus på relasjonskompetanse og undervisningsleiing.
Døme på tema som vert gjennomgått på høgskulen i løpet av studieåret og som kan brukast som utgangspunkt i rettleingssamtaler mellom praksislærar og student:
- skulen sin historie, mandat, oppgåver og innhald
- læring og utvikling
- tilpassa opplæring
- vurdering for og av læring
- psykososialt læringsmiljø
- læraren sin profesjonskompetanse
- læringsteknologi
- profesjonsetikk
Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuingar i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i emneplanen og retningslinjene for praksisstudiet på HVL sine nettsider for praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar og ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere eiga og andre si undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
- kan tilpasse opplæringa til eleven og elevgruppa sine føresetnader
- har kunnskap om læringsperspektiv, læringsarenaer og pedagogiske verktøy/arbeidsmetodar generelt og særleg i opptaksfaget
- kan kristisk reflektere over faglege, profesjonsetiske spørsmål
- kan opptre profesjonelt og rette seg etter gjeldande normer, reglar og lover i arbeidslivet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I starten av praksisperioden skal studenten observere praksislærar og eventuelt andre lærarar si undervisning. Vidare skal studenten gradvis få meir sjølvstendig ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av eiga undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer teamarbeid, møte, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.
Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis fordelt på haust og vår. Det er krav om at studenten er 100% til stades.
Sluttvurdering vår: Bestått/ikkje bestått.
Studenten skal få ei individuell skriftleg sluttvurdering av praksislærar.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gang emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel