Hopp til innhald

SAB310 Samfunnsarbeid

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om og ferdigheiter i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid byggjer på dialog og deltaking og er ein planlagd prosess for endringsarbeid saman med dei det gjeld. Fokus er retta mot korleis profesjonelle aktørar kan samhandle med ei gruppe, eit fellesskap eller eit lokalsamfunn som ynskjer å bruke eigne ressursar for å løyse problem, og å nå mål dei sjølv har sett seg.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om deltaking og kollektiv bevisstgjering, og ferdigheiter innan deltakardemokratiske metodar. I emnet vert sosialt arbeid på mikro- og makronivå integrert for å løyse samfunnsmessige utfordringar.

Studentar kan velje å ta utvekslingsemne tilsvarande 15 studiepoeng som erstatning for dette emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag som rettar seg mot grupper og samfunnsnivå
  • har brei kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i ein samfunnsmessig samanheng
  • har kunnskap om kva levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og sosial deltaking har å seia i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn
  • har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår
  • har kunnskap om strukturelle vilkår for sosial deltaking
  • har kunnskap samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • har kunnskap om sentral lovgjeving innan plan og folkehelseområdet
  • har kunnskap om førebygging, helsefremming og folkehelse, og forstår samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem
  • har kunnskap om sentrale problemområde som kan bidra til marginalisering og utanforskap.
  • er kjend med menneskerettar og sentrale konvensjonar.
  • er kjend med kunnskapsutviklinga innan samfunnsarbeid og profesjonens samfunnsansvar.
  • er kjend med ulike metodar innan samfunnsarbeid og kunne vurdera fordelar og ulemper med desse.
  • er kjend med forskings- og utviklingsarbeid innan samfunnsarbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan bruka forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i samfunnsarbeid
  • kan finna, vurdera og visa til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan vurdera vitskapleg kunnskap og politiske rammevilkår i ein samfunnsarbeidskontekst.
  • kan reflektera over korleis kunnskap kan nyttast på nye områder og bidra til nytenking og innovasjon
  • kan meistra ulike deltakardemokratiske metodar som fremjar makt, medverknad og deltaking
  • kan tileigna seg ny kunnskap og ta faglege vurderingar, avgjerder og handla i tråd med samfunnsarbeidspraksis
  • kan dokumentera og formidla eigen fagleg praksis i prosjektarbeid

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet
  • har innsikt i forhold som bidreg til ulikskap, og kan fremja sosial rettferd saman med menneske i utsette posisjoner
  • har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i rolla som samfunnsarbeidar
  • har innsikt i, og kan reflektere kritisk over, samfunnsarbeidarrolla
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
  • kan formidla samfunnsarbeid og utveksla synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar
  • kan formidle fagleg kunnskap som fremjar likeverd og mangfald og bidreg til likestilling, inkludering, medverknad og deltaking.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår, og det tredje semester i andre studieår (SAB210, SAB220) må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar og SABV260 Socio-cultural diversity and inequalities in social work.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive læringsformer vektlagd, til dømes gruppearbeid, praktiske øvingar og work-shops, framlegging av prosjektsøknad og opponentskap. Andre læringsformer er førelesingar og ekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Førebuing til, og deltaking på oppgåveseminar i emnet (krav om 80% oppmøte).
  2. Deltaking på ekskursjon/ekskursjonar (krav om 80% oppmøte).
  3. Deltaking på work-shops og tilhøyrande undervisning (krav om 80% oppmøte).
  4. Utarbeiding av prosjektsøknad: Kvar einskild gruppe utarbeider ein skriftleg prosjektsøknad (krav om 80% oppmøte på prosjektarbeidsdagane og i gruppearbeidet).
  5. Kvar einskild gruppe presenterer sitt prosjekt og sin søknad for klassen og gir tilbakemelding til ei anna gruppe på deira presentasjon. Kvar einskild student må ta del i gruppepresentasjonen skriftleg og munnleg.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeeksamen i form av ein prosjektsøknad.

Omfang: 5000 ord +/- 10%.

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen Greidd gruppeeksamen kan ikkje forbetras, jamfør § 11-17 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Dersom oppgåva ikkje er greidd, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-204 - Sosialt arbeid - normalitet og avvik - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO212 - Samfunnsarbeid med fokus på barn og unge - Reduksjon: 15 studiepoeng