Hopp til innhald

MGUSA201 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis ein ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet.
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, berekraftig utvikling, ressursar, mobilitet og globalisering
  • har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.
  • Individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord som skal gi øving i akademisk skriving. Retningsliner vil bli gjeve ved semesterstart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjend ein eller fleire læringsaktiviteter får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel