Hopp til innhald

KFK8301 Matematikk 1, 1-7, del 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god undervisningskunnskap om byrjaropplæringa som går på tal og talforståing, samt rekning og overgangen frå aritmetikk til algebra
  • har kunnskap om emna algebra og historisk utvikling av talomgrep og talsystem. Kunnskap om det matematikkfaglege innhaldet i barnehage er òg vektlagt
  • har kunnskap om undervisningsmetodar og læringsteoriar i matematikk, som mellom anna omfattar språk og kommunikasjon. Studenten har òg kunnskap om aktuelle digitale verktøy for matematikk. Han kan lese og uttrykke seg munnleg og skriftleg i matematikk og har kunnskap om rekning som grunnleggande ferdigheit i andre skulefag

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre matematikkundervisning på varierte måtar for trinna 1-7 og vurdere desse . Studenten har blant anna evne til å inkludere elevane og fremje undring, matematisk argumentasjon og kreativitet. Han kan òg tilpasse opplæringa til dei ulike elevane og kan blant anna bruke kartleggingsprøver for å vurdere og tilpasse opplæringa til den enkelte elev
  • har gode praktiske ferdigheiter i matematikk av munnleg og skriftleg karakter. Studenten kan òg kommunisere med elevar, lytte til og forstå deira tenkjemåtar og løysingsmetodar.

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre praksis i matematikkfaget

Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, førskolelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning)

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga kompetanse for kvalitet. Emnet går over eitt semester, og er delvis samlingsbasert og delvis nettbasert. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect etter opptaket.

Emnet har fire arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Emnet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Emnet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er obligatorisk frammøte på nettundervisninga.

Det vert ikkje krav om eigen praksis, men deler av arbeidskrava skal knytast til praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire skriftlege innleveringar.

Minst eitt av arbeidskrava skal omhandla utprøving av ny kunnskap med kunnskapsdeling i eige kollegium.

Eitt av arbeidskrava skal omhandla arbeid med pedagogisk bruk av IKT i matematikkundervisninga.

Deltaking i nettundervisninga er obligatorisk.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen. Eksamenstid 6 timar.

Ved sensur av emnet vert det nytta karakterskalaen A-F.