BØ6-1003 Økonomistyring i bedrifter

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innhald:

  • Inntekts- og kostnadskontroll
  • Modellar for driftsrekneskapet,
  • Bruk av normal- og standardkost
  • Kostnadsfordeling
  • Beslutningsrelevante kostnader og inntekter
  • Alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse, inkludert aktivitetsbasert kalkulasjon
  • Budsjettering.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsfordeling og produktkalkulasjon.
  • kjenner til budsjettet som styringsverktøy samt gjere greie for korleis budsjettprosessar blir organisert og gjennomført.
  • har tileigna seg god forståing for kostnadsomgrepet og ha god forståing for variabiliteten på kostnader.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan utarbeide for- og etterkalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet for bedrifter i ulike bransjar, samt kalkylar basert på aktivitetsbasert kalkulasjon.
  • kan utføre kostnads-, resultat- og volumanalysar.
  • kan utføre tradisjonell kalkulasjon etter normalkostmetoden og standardkostmetoden, samt  aktivitetskorrigere verksemda sitt budsjett medrekna fleksibel budsjett.
  • kan gjere avviksanalyse, identifisere og forklare årsaker til avvik og kunne føreslå iverksettjing av tiltak.
  • kan identifisere beslutningsrelevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike beslutningsproblem.
  • kan gjere enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang.
  • kan fordele kostnader frå art via kostnadsstad/aktivitet til kalkyleobjekt
  • kan setje opp budsjett (resultatbudsjett, likviditetsbudsjett og balansebudsjett) basert på verksemda sine planar og aktivitet i perioden, samt sjå samanhengen mellom bedriften sine ulike delbudsjett.

Generell Kompetanse

Studenten 

  • kan framskaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak.
  • har oversikt over tradisjonelle og moderne driftsrekneskapsmodellar og kunne drøfte vurderingsproblem i tilknyting til desse modellane.
  • kan drøfte dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene med den aktivitetsbaserte kalkulasjonsmetoden.
  • kan drøfte føremålet med budsjettering og sjå budsjettet som verktøy for planlegging, 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar BØ6-1000 Innføring i bedriftsøkonomi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Arbeidskrav

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.

Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-1012 (1) - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet - Reduksjon: 1 studiepoeng
  • BRL110 (1) - Regnskap og budsjettering - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ØKB2101 (1) - Økonomistyring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-200 (1) - Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering - Reduksjon: 3,5 studiepoeng