BØ6-2004 Anvendt finans

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Sentrale emne:

  • Avkasting og risikomål for porteføljer
  • Systematisk og usystematisk risiko
  • Marknadseffisiens og -ineffisiens
  • Relevant risiko og kapitalkostnad
  • Eigenkapital- og totalkapitalavkastingskravet til eksisterande selskap/nye selskap
  • Gjeldsgrad og risiko
  • Gjeldsgrad og selskapsverdi i perfekte kapitalmarknadar
  • Skattesystemet (eitt- og toleddsskatt) sin innverknad på verdien av eit selskap
  • Opsjonsverdi rekna ut med den binomiske opsjonsprismodellen og Black-Scholes-modellen

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha kunnskapar om

  • porteføljer og risiko
  • føresetnader som ligg til grunn for risikovurdering av investeringsprosjekt
  • gjeldsgrad og selskapsverdi i perfekte og imperfekte finansmarknader
  • opsjonar og verdsetjing av desse

 

Dugleikar

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • rekne ut forventa avkasting og risikomål for porteføljer av verdipapir
  • rekne ut eigenkapital- og totalkapitalavkastingskravet til eksisterande selskap/nye selskap
  • nytte kapitalverdimodellen, samt rekne ut avkasting ved bruk av noverdiutrekningar
  • rekne ut verdien av ein opsjon ved hjelp av både den binomiske opsjonsprismodellen og Black-Scholes-modellen

 

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • forstå omgrepa systematisk og usystematisk risiko
  • forstå kva som er vilkåra for marknadseffisiens og kva som kjenneteiknar marknader med ulik grad av ineffisiens
  • forstå kapitalverdimodellen si rolle i fastsetjing av avkastingskrav
  • forstå korleis selskapet si gjeldsgrad påverkar verdien av selskapet
  • forstå opsjonar og verdsetjing av desse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde kunnskapar: Investering og Finansiering (BØ6-1002), Matematikk for økonomar (ME6-1000) og Statistikk (ME6-1001), eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver.

50% av undervisninga er fellesundervisning med emnet EM6-2005 Anvendt finans for eiendomsmarkedet.

Arbeidskrav

Inntil to arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i grupper. Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator og utdelt formelark.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-2006 (1) - Praktisk børshandel og finans - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • EM6-2001 (1) - Anvendt finans for eiendomsmarkedet - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • BØ6-302 (1) - Anvendt finans - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • BØ6-2001 (1) - Anvendt finans - Reduksjon: 6,5 studiepoeng
  • EM6-2005 (1) - Anvendt finans for eiendomsmarkedet - Reduksjon: 3,5 studiepoeng