BYG146 Arealplanlegging for byggingeniør

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanlegging. Innhaldet i emnet omfattar:

  • Krav til innhald og prosess for kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar.
  • Konsekvensutgreiing og ROS-analyser, med hovudvekt på arealdelen.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Ha grunnleggande kunnskapar om sentrale problemstillingar i både kommunal og privat reguleringsplanlegging.
  • Ha grunnleggande kunnskapar om plansystemet og krav til planinnhald og utgreiingar (del av plan- og bygningslova).
  • Ha grunnleggande kunnskapar om krav til planprosessar for ulike plannivå.

 

 

Ferdigheiter:

  • Kunne finne grunnlagsmateriale og gjere overordna analysar.
  • Ha eit godt grunnlag til å kunne lage faglege innspel til planprosessar.
  • Kunne utføre forenkla ROS-analyse for naturfarer og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.

 

Kompetanse:

  • Forstå, vurdere og bruke kommuneplanar og reguleringsplanar.
  • Kunne delta i planprosessar 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskapar.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og øvingar.

Arbeidskrav

Gruppeoppgåve: Tolke og forstå planar for eit spesifikt område, gjennomføre ei overordna og forenkla vurdering av risiko- og sårbarheit for valt område, samt utarbeide innspel til kommuneplanen sin arealdel og gjennomføre konsekvensutgreiing.

Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL417 (1) - Arealplanlegging - Reduksjon: 5 studiepoeng