ELE143 Elektrofagleg basis Y-veg

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Likestraum: Serie- og parallellkretsar, kretsar med fleire kjelder, Theveninekvivalent, transistor, RLC-kretsar, operasjonsforsterkar, logiske portar. Vekselstraum: Grunnleggjande omgrep, visarrekning, effekt, trefasesystem, transformatoren, filterkrinsar, bruk av funksjonsgenerator og oscilloskop, frekvenskarakteristikkar.

Læringsutbytte

Studenten kan

 

- forstå og rekne på Thevenin- og Nortonekvivalentar i likestraumskretsar

- forstå og rekne med superposisjon, maske- og knutepunktsanalyse i likestraumskretsar

- forstå, regne og måle på bipolartransistoren

- forstå, regne og måle på operasjonsforsterkaren

- grunnleggande omgrep og forstå straum-spenningsforholdet i vekselstraumskretsar.

- rekne og bruke kompleks matematikk for å finne størrelser i vekselstraumskretsar.

- maske, node og superposisjonsprinsippet i vekselstraumskretsar.

- Thevenin, Norton og Millman's teorem i vekselstraumskretsar

- forstå effekttrekanten

- forstå og rekne på serie og parallelle resonanskretsar.

- forstå ulike filterkretsar og kunne regne på disse.

- forstå ulike transformatorkoplinger og kunne regne på disse.

Krav til forkunnskapar

Fagbrev i elektrorelatert fagfelt

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande elektrokompetanse frå vidaregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid

Arbeidskrav

5 godkjende laboratorieøvingar.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Formelsamling, Læringssenteret. Gyldendal John Haugan, Formler og tabeller. NKI 

Kalkulator: Enkel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ELE142 (1) - Elektrofaglig basis 2 - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ELE141 (1) - Elektrofaglig basis 1 - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • YV204 (1) - Grunnleggande elektro - Reduksjon: 10 studiepoeng