ME2-200 Statistikk og økonomi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Bedriftsøkonomi: Etikk i næringslivet, livsløpsanalyse, selskapsformer, inntekt og kostnadar, marketing mix, finansrekneskap, sjølvkost- og bidragskalkylar, investering

Statistikk: Kombinatorikk, sannsynsrekning, diskrete og kontinuerlege sannsynsfordelingar, deskriptiv statistikk, punktestimering og intervallestimering, hypotesetesting med z-testar og t-testar, lineær regresjonsanalyse, enkel korrelasjonsanalyse, statistisk analyse og simulering med MINITAB.

Læringsutbytte

Emnet gir studenten ei grundig innføring i sentrale emne innan bedriftsøkonomi og statistikk.

Kunnskap

Studenten har kunnskap om/kjenner til:

  • ulike selskapsformer
  • etikk i næringslivet
  • kostnadar, inntekter og kalkylar
  • marknadsføring
  • finansrekneskap og investeringar
  • produkt sin livssyklus
  • kombinatoriske modellar, sannsynsomgrepet og sannsynsrekning
  • omgrepa stokastisk variabel, sannsynsfordeling, forventning og varians
  • diskrete og kontinuerleg fordelingar
  • sentralgrensesetninga
  • metodar for punkt- og intervallestimering og hypotesetesting
  • omgrepet styrkefunksjon
  • lineær regresjonsanalyse og enkel korrelasjonsanalyse

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • ta stilling til ulike etiske problemstillingar
  • beskrive særtrekk ved ulike selskapsformer
  • samanstille kostnadar og inntekter og sette opp kalkylar
  • sentrale prinsipp i marknadsføring
  • finne nøkkelparametrar i rekneskapen
  • vurdere investeringar og produkt i eit livsløpsperspektiv
  • utføre utrekningar for praktiske problemstillingar innan kombinatorikk og sannsynsrekning
  • rekne ut sannsynlegheiter, forventning og varians for ulike fordelingar
  • utføre simulering frå ulike statistiske fordelingar med MINITAB
  • bruke deskriptiv statistikk med sentral- og spreiingsmål og grafiske framstillingar til å presentere eit datamateriale både ved rekning og ved hjelp av MINITAB
  • utføre punktestimering, intervallestimering og hypotesetesting til å analysere eit datamateriale både ved rekning og med MINITAB
  • utføre utrekning av korrelasjonskoeffisientar med MINITAB og tolke resultatet
  • utføre enkel lineær regresjonsanalyse med MINITAB, og vurder om lineær modell passar

Generell kompetanse

Kandidaten kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, etikk, samfunn, miljø og teknologi. Statistikkdelen gir kandidaten grunnlag for bruk av statistikk i dei tekniske faga.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ma2-100 Matematikk eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar. Øvingar i bruk av MINITAB.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Mappe (ei 2-timars prøve i statistikk, ei prøve i økonomi, ei innlevering i statistikk med bruk av MINITAB, ei innlevering i økonomi), (vekt 40%).

Skriftleg eksamen 4 timar (vekt 60%).

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg eksamen: Formelsamling. Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel