MF6-2000 Merkevarestrategi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet dekkjer følgjande tema:

 

Kundebasert merkeverdi, posisjonering av eit merke,

  • Korleis byggje ei merkevare
  • Assosiasjonar
  • Korleis måle og tolke kor bra eit merke gjer det
  • Korleis auke eit merke sin verdi.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten skal

  • Utvikle ei grunnleggjande forståing av dei viktigaste driverane for å bygge sterke merkevarer.
  • forstå korleis forbrukarar lærer assosiasjonar om ei merkevare.
  • kjenne til dei viktigaste omgrepa som vert nytta innan merkevarelitteraturen
  • forstå kvifor og korleis reklame påverkar forbrukarar
  • forstå korleis merkevarer innan reiselivet kan byggast

Ferdigheiter

Studenten skal

  • vurdere kva metodar som er mest tenelege å bruke for å bygge merkeverdi for eit merke, samt metodar som vert brukt for å vidareutvikle merker
  • kunne nytta metodar for å avsløre assosiasjonsnettverket til forbrukarar
  • kjenne til ideane bak design og implementering av marknadsføringsprogram

Generell kompetanse

Studenten kan

  • identifisere driverar for å bygge sterke merkevarer og reflektere over bruken av desse.
  • identifisere og evaluere ulike strategiar i merkevarebygging.
  • designe eigne marknadsføringsprogram.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Marknadsføring (MF6-1000) eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, og gruppeøvingar.

Arbeidskrav

Emnet har eitt arbeidskrav som skal løysast i grupper og må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Arbeidskrav er gyldig i tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-202 (2) - Marknadsanalyse og merkevarestrategi - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • RE6-202 (1) - Marknadsanalyse og merkevarestrategi - Reduksjon: 5,5 studiepoeng