MF6-2001 Forbrukaråtferd i reiselivet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar følgjande tema:

  • Modellar for forbrukaråtferd og forbukaråtferdsteori Forbrukaren som individ (behov, personlegdom og persepsjon)
  • Forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet
  • Avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd - faktorar som påverka etterspurnaden i reiselivet
  • Motivasjon og persepsjon i reiselivsmarknaden
  • Interkulturell kommunikasjon og kulturskilnader Diffusjon og adopsjon av innovasjon
  • Tilbod og etterspurnadmønster i reiselivet

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan/har studenten bygger opp:

Kunnskaper i:

  • Kjennskap til kulturskilnader og utfordringar knytt til interkulturell kommunikasjon
  • Kjennskap til særtrekk ved forbrukaråtferd i den individuelle marknaden vs. gruppemarknaden i reiselivet
  • Kunnskap om kva faktorar som påverkar etterspurnaden i reiselivet, og om særtrekk ved tilbod og etterspurnaden i reiselivet

Ferdigheter:

  • Bruke teoriar og modellar for forbrukaråtferd, avgjerdsprosessar og kjøpsåtferd i marknadsføringa generelt
  • Undersøkje faktorar som kan vera drivarar for åtferd og endringar i avgjerdsprosessar i ulike reiselivsmarknader

Generale kompetanse å:

  • Forstå korleis bedrifter og organisasjonar i reiselivsnæringa kan imøtekoma kundane sine gjennom planlegging
  • Forstå preferansar til kundar i reiselivet
  • Forstå avgjersler som forbrukarane tek i val av reisemål
  • Forstå korleis reiselivsnæringa kan bruke marknadsføringsmixen og formulere strategiar for å betre konkurransekrafta si

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MF6-1000 Markedsføring

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og casestudiar i grupper. Emnet legg opp til læring gjennom studentaktivitet, og arbeid med praktiske problem gjennom casearbeid. I tillegg er det viktig med sjølvstudium og arbeid i grupper mellom førelesingane. Førelesingane skal dekkje dei mest sentrale delane av emnet og skal vere ei støtte til det andre arbeidet som studentane skal leggje ned i dette emnet.

Arbeidskrav

Ei skriftlege oppgåver som skal løysast i grupper på inntil fire personar. Eventuell individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg, individuell eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-208 (1) - Forbrukaråtferd i reiselivet - Reduksjon: 5,5 studiepoeng