SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

  • målsettingar for den økonomiske politikken
  • nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep og samanhengar
  • dei ulike komponentane som utgjer BNP
  • BNP som velferdsmål
  • Grunnleggande Keynesmodellar for ein lukka økonomi for å forklara.konsekvensane av etterspurnadsbestemt konjunkturnedgang og makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
  • ulike typar arbeidsløyse
  • prisindeksar
  • etterspurnaden etter pengar. Tilbodet av pengar. Likevekta i pengemarknaden.
  • valuta 
  • inflasjon og kostnader ved inflasjon
  • Pengepolitikk
  • kjøpekraftsparitet
  • kvantitetsteorien
  • udekka renteparitet
  • IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.
  • økonomisk vekst
  • Den kortsiktige og langsiktige Phillipskurva.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kurset har som mål at studenten skal

  • Kjenna grunnleggande makroøkonomiske data frå nasjonalrekneskapen.
  • Kjenna andre sentrale makroøkonomiske data som prisindeksar og tal for arbeidsløyse og sysselsetting.
  • Kjenna grunnleggande teoriar for den samla etterspurnaden etter varer og tenester, herunder Keynesiansk teori.
  • Kjenna til korleis penge- og finanspolitikk påverkar samla etterspurnad.
  • Kjenna til norsk penge- og finanspolitikk.
  • Kjenna til kva som kan vera årsakene til økonomiske kriser og bruken av verkemiddel under ei krise.
  • Kjenna dei viktigaste teoriane for korleis arbeidsmarknaden fungerer og kva faktorar som påverkar lønsnivå og lønsutvikling.
  • Kjenna ulike teorier for kvifor me har arbeidsløyse.
  • Kjenna til korleis samspelet mellom tilbodet og etterspurnaden skapar konjunkturar og påverkar inflasjon og lønsutvikling.
  • Kjenna dei ulike transmisjonskanalane for pengepolitikken og forstå korleis desse verkar.  
  • Kjenna til bruken av rentereglar i pengepolitikken.   
  • Kjenna til trekk ved utforminga av det moderne finanssystemet.
  • Kjenna til grunnleggande teoriar for samanhengen mellom renter, prisar og valutakursar.
  • Kjenna til og forstå korleis økonomisk vekst påverkar velstand og velferd.
  • Kjenna til korleis sparing, folketalsvekst og teknologisk utvikling skapar økonomisk vekst, slik dette er formulert i Solow-modellen.

Dugleikar

Studentane skal ved endt kurs

  • Finna frem til og tolka økonomiske data.
  • Kunne nytta ein modell til å forstå korleis ulike hendingar påverkar aggregert etterspurnad. Dei skal forstå korleis me kan bruka penge- og finanspolitikken for å stabilisera økonomien.
  • Kunne nytta ein modell for aggregert tilbod og etterspurnad for å forstå konjunkturrørsler og verknaden av inflasjonsmålet.
  • Kunne nytta vekstmodellen for å visa korleis kapitalakkumulasjon, folketalsvekst og teknologisk utvikling verkar inn på den økonomiske veksten.
  • Forstå makroøkonomiske nyhende og analyser og kunne tolka desse på bakgrunn av makroøkonomisk teori.

Generell kompetanse

  • Gjera bruk av abstrakte modellar
  • Forstå grunnleggande makroøkonomiske omgrep og kunne gjennomføra enkle økonomiske analysar
  • Reflektera kritisk over økonomiske hendingar

Tilrådde forkunnskapar

ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver

Arbeidskrav

Eitt arbeidskrav.

Vurderingsform

Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar. 

Bokstavkarakter. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØA118 (1) - Makroøkonomi - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1115 (1) - Makroøkonomi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SØ6-101 (1) - Samfunnsøkonomi (makro) - Reduksjon: 5,5 studiepoeng