SA570 Examen facultatum - Humaniorafaglege og samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir delvis ei innføring i humaniora og samfunnsvitskapane si historie og delvis ei innføring i fagområda sine karakteristiske tenkemåtar. Pensumet drøftar vitskapsteoretiske spørsmål knytt til fagidentitet, forklaringsproblematikk og aktuelle forskingsetiske problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne

Kunnskapar

  • har studenten kunnskap om sentrale grunnlagsproblem i samfunnsvitskap og humaniora med særleg vekt på historie og sosiologi
  • har studenten kunnskap om fagområda si historiske utvikling, kjønnsproblematikk og etiske problemstillingar knytt til vitskap og forsking

Ferdigheiter

  • kjenner studenten att forskjellar mellom ulike teoretiske perspektiv og er i stand til å bruke den vitskapsteoretiske kompetansen i seinare studium
  • kjenner studenten att og er i stand til å handtere etisk relevante problemstillingar på ein forsvarleg måte

Generell kompetanse

  • har studenten eit godt utgangspunkt for vidare studiar av humaniora- og samfunnsvitskaplege disiplinar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar og sjølvstudium. Det vert gitt tilbod om prøveeksamen med tilbakemelding to gonger.

Arbeidskrav

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80 %).

Vurderingsform

4 t skriftleg skuleeksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel