YFL806 Industri 4.0 og 21st Century skills for TIP, BA og EL.

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Framskrivingar viser at det vil bli behov for ny kompetanse i norsk og internasjonalt næringsliv i åra framover, knytt til 21st Century skills og Industi 4.0, EU og CEDEFOP (Europeisk senter for yrkesutdanningar) publiserte i desember 2016 forskingsrapporten Future skill needs in Europe: critical labour force. Rapporten trekker fram behovet for å erstatte arbeidsfolk som går av ved naturleg avgang med ny og betre kvalifisert arbeidskraft, og at behovet for faglært arbeidskraft vil auke. HVL sitt vidareutdanningstilbod på 15 sp har som mål å vidareutvikle yrkesfaglærarar sin didaktiske kompetanse retta mot framtidig kompetansebehov. Tilbodet tar utgangspunkt i næringslivet sine signal for framtidas kompetansebehov. Lærarane som skal undervise i programfag og YFF må ha kunnskap om framtidas kompetansebehov for at ungdommane som fullfører ei yrkesfagleg utdanning skal tileigne seg desse. Det er naudsynt at elevane får medverke i alle delar av undervisinga for å utvikle eigne læringsstrategiar.

Gjennom føredrag frå næringslivet om framtidas kompetansebehov skal studentane prøve ut og vurdere eiga undervising. Kunnskap om framtidas kompetansebehov skal gi studentane betre grunnlag for grunngjevne val av innhald og arbeidsmåtar i interessedifferensiert, relevant, framtidsretta og meiningsfull opplæring for yrkesfagelevar. Eksamensforma skal sikre deling av kompetanse. Studentane skal sitje att med auka kunnskap om yrkesfaga si utvikling og behov for kompetanse, og korleis eiga undervising kan leggje til rette for innovasjon og nyskaping og at elevane blir bevisst eigne læringsstrategiar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  •  har kunnskap om 21st Century skills og Industri 4.0
  •  har kunnskap om dagsaktuelt fagspråk for yrka innan eige utdanningsprogram
  •  har kunnskap om faga i utdanningsprogrammet sin funksjon og plass i samfunnet i dag
  •  har kunnskap om korleis yrka innan eige utdanningsprogram kan tenkast å utvikle seg fram mot 2030

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan planleggje, utføre, vurdere og dokumentere undervising innanfor eige utdanningsprogram  med høg grad av elevmedverknad
  • kan planleggje, utføre, vurdere og dokumentere undervising innanfor eige utdanningsprogram  med fokus på framtidig kompetansebehov
  • kan nytte kunnskap om 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising
  • kan vurdere kvalitet på eiga undervising i høve framtidig kompetansebehov og elevmedverknad

Generell kompetanse

Studenten

  • kan eksemplifisere framtidas kompetansebehov innanfor eige utdanningsprogram knytt til elevane sine ulike interesseområde
  • kan forklare behovet for ulike nøkkelkompetansar innan yrka i eige utdanningsprogram
  • kan legge til rette for bruk av ulike læringsstrategiar for elevar med ulike utdanningsplanar og læringsbehov
  • kan grunngje og vurdere didaktiske val knytt til 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising

Krav til forkunnskapar

Fullført grunnutdanning som lærar. Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis i vidaregåande opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert, og det er lagt opp til tre fellessamlingar som går over to dagar og

nettbaserte rettleiingsaktivitar. Emnet vert knytt til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar.

Studentane må slik sett rekna med at det vil bli arrangert undervisingssamlingar på ulike stader innanfor Vestland fylke; eksempelvis i Sunnhordland, Nordfjord og Voss.

Arbeidskrav

1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane

2. Gjennomført tre arbeidskrav

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille

seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg gruppeeksamen. Presentasjon for kollegaer på eigen arbeidsplass.: Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå studiet om korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.

Karakter: Greidd / Ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensumlitteratur, eigenvald litteratur og eigen dokumentasjon frå studiet. 

Meir om hjelpemiddel