EVOMUS801 Musikk 1 emne 1 for trinn 1-10

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Musikk 1 Vidareutdanning for lærarar i grunnskulen 1-10 retter seg mot lærarar i grunnskulen som ikkje har formell utdanning i musikk.

Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 og 5-10 i gjeldande læreplan. 

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7 og 5-10. Det blir lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom deltakarane har behov for dette. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget. 

Studiet er delt inn i to emne - emne 1 (15 sp) går om hausten og emne 2 (15 sp) går om våren.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar 

Studenten 

  • har kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av  musikalitet, uttrykksformer, kreativitet og identitet hos barn og unge     
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggar for musikkopplæring   
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk     
  • har kunnskap om fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk   

 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere på akkordinstrument, og kan uttrykke seg på ulike instrument  
  • kan leike og/eller danse til musikk, og meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar frå ulike kulturar, til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7 eller 5-10. 
  • kan improvisere, arrangere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy   
  • har erfaring med ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring og progresjon i musikkfaget og er fortruleg med grunnleggande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk  

 

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget 
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon om studenten har noko praktisk erfaring med musikk frå før.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet i emnet føregår på fysiske samlinger med klasse- og gruppeundervisning (3 samlinger a 3 dagar kvart semester), og gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid.

Arbeidskrav

  • Obligatorisk frammøte. Fråvær må dokumenteras med sjukemelding. Studentane er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om fagleg innhald dei eventuelt har gått glipp av.
  • To praksisobservasjonar av musikkundervisning
  • Leselogg etter gitte retningsliner

Arbeidskrava blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente arbeidskrav gjeld i tre (3) påfølgande semester etter godkjenning. 

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med eksaminering på ca. 15 minutt.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel