LSP8101 Profesjonsfagleg digital kompetanse og vitenskapleg arbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi avansert og inngåande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse, og innsikt i bruk av denne kompetansen i læringsarbeid. Det vert fokusert på eiga utvikling, rettleiing og utvikling av gode læringsarena, samt vurdering av og refleksjon over pedagogisk bruk av IKT.

Emnet er og retta mot grunnleggande forskingsmetode, samt læringsteoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på arbeid med akademiske tekstar i førebuing til eige forsking og utviklingsarbeid. Dette skal danne eit forskingsbasert grunnlag for dei praktiske arbeidskrava.

I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:

  1. IKT og læringsteori
  2. IKT i plandokument
  3. Digital didaktikk/undervisningsplanlegging
  4. Kritisk refleksjon og vurdering av pedagogisk bruk av IKT
  5. Ulike forskingsmetodar
  6. Akademiske tekstar

Læringsutbytte

Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har avansert kunnskap om omgrepet profesjonsfaglig digital kompetanse
  • Har inngåande kunnskap om relevante teoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT
  • Har inngåande kunnskap om bruk, undervisningsplanlegging og rettleiing knytt til digitale læringsressursar i teknologitette læringsmiljø
  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar og metodar innan emnet
  • Har kunnskap om grunnleggande forskingsmetodar
  • Har kunnskap om analyse av akademiske tekstar i forhold til innhald, retorikk og argumentasjon
  • Har kjennskap til oppdatert og innovativ forsking på feltet

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan bruka IKT på ein innovativ måte for å oppnå kompetansemål og sikre progresjon i læringsarbeidet
  • Kan rettleie kollega i praktiske og teoretiske problemstillingar basert på relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • Kan setje i gang og drive faglege og tverrfaglege IKT prosjekt
  • Kan analysera og reflektera over læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • Kan drøfta bruk av digitale læringsressursar, og vurdera relaterte teoriar og forskingsresultat
  • Kan reflektera over eiga og andre si profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • Kan analysere og bruke akademiske tekstar i eit forskingsarbeid
  • Kan utvikle problemstillingar og forskingsspørsmål som er relevante innanfor feltet

 

Generell kompetanse Studenten

  • Kan oppdatera sin eigen praksis og rettleia kollega basert på forskingsbasert fagleg innsikt
  • Kan kritisk reflektera over problemstillingar knytt til samspelet mellom læring, fag og IKT
  • Kan arbeida vitskapleg, og ta ein ledande rolle for å identifisera, analysera og løysa utfordringar knytte til læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • Kan bidra til innovasjon og utvikling av kunnskap og god praksis i samhandling med kollega
  • Kan planlegge og utvikle eit forskingsprosjekt knytt til valt problemstilling og forskingsspørsmål
  • Kan vurdere argumentasjon i akademiske tekster
  • Kan rettleie elevar i utvikling av ferdigheiter og forståelse i bruk av IKT som reiskap for læring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Deltakelse på to obligatoriske samlinger (á tre dager) pr semester.

Forelesninger; diskusjoner (i grupper og i plenum); nettmøter; arbeid med digitale og praksisbaserte oppgaver (individuelt og i grupper).

Arbeidskrav

Det er obligatorisk deltakelse på samlingene, i tillegg til spesifiserte krav i semesterplanen for emnet. 

Vurderingsform

Oppgåve - prosjektoppgåve (individuelt og/eller i grupper) - 100%

Gradert karakter - A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel