BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

I dette emnet vert studentane introdusert for barnevernspedagogen si yrkesrolle i samfunnet. Emnet omhandlar barnevernets historie, verdigrunnlag, organisering, rammer og samfunnsoppdrag. Studentane får møte barnevernspedagogar frå praksisfeltet og brukarar med erfaring frå barnevernet, gjennom brukarorganisasjonar. Vidare vert studentane tilbydt undervisning i FNs barnekonvensjon, og tydinga av barn sin rett til medverknad og deltaking. Gjennom praktiske øvingar kan studentane tileigne seg kunnskap og økt medvit om eigen relasjonskompetanse i møte med andre.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om barnevernets historie, ansvars- og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga
  • har kjennskap til FNs barnekonvensjon
  • har kjennskap til relevante fagdebattar i barnevernet
  • har kunnskap om tydinga av barns deltaking og barns rettar
  • har kunnskap om samars rettar som urfolk
  • har kjennskap til tydinga av tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i barnevernet
  • har kjennskap til barnevernspedagogens yrkesetiske grunnlagsdokument
  • har kjennskap til omgrepa "Barns beste", omsorg og oppdraging, og kan beskrive kva som ligg i omgrepet omsorgssvikt

Ferdigheiter:
Studenten …

 

  • kan reflektere over eiga samhandling i møte med andre

Generell kompetanse:
Studenten …

  • har innsikt i barnevernspedagogen sitt samfunnsmandat, fag og yrkesfelt, og tenestetilbodet til utsatte barn, unge og deira familiar

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som har fått opptak på bachelor i barnevern.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom førelesingar, seminar, ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid og rettleiing i basisgrupper.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning  knytt til ; kurs i kommunikasjon og relasjon, skrivekurs, basisgruppearbeid og møte med profesjonen og andre brukerorganisasjoner
  2. Eit refleksjonsnotat knytt til kurs i kommunikasjon - og relasjon. Omfang: 1000 ord (+/- 10%). Dersom refleksjonsnotatet ikkje blir godkjent kan studenten levere ei omarbeida utgåve.
  3. Innlevering av tekst til rettleiing i basisgrupper innan gitt frist. Teksten skal knytte seg til eksamensoppgåva og ha eit omfang 800 - 1000 ord

Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg individuell oppgåve. Omfang: 2500, +/- 10% Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen. Dersom kandidaten får karakteren F ved ny eksamen, skal studentane få oppgåve med ny problemstilling ved neste ordinære eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 (1) - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng