BARN120 Barnevernet i velferdsstaten

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudtyngda  av undervisninga knytt til bruk av juridisk metode og forvaltningsrett. Det vert lagt til rette for at studenten kan tileigne seg kunnskap om å argumentere juridisk. Det vert undervist i  barnevernsrett, den norske statsforvaltninga og sosialpolitiske målsetnader med relevans for barnevernsfeltet. Vidare vil studenten lære om sosiologiske omgrep og perspektiv som kan brukast til å forstå individuelle og samfunnsmessige utfordringar i velferdssamfunnet. Perspektiv på kjønn og etnisk mangfald, samt kunnskap om samars status som urfolk inngår også i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om den norske statsforvaltninga og helse- og sosialpolitiske målsetnadar på barne- og familiefeltet
  • har kunnskap om relevante sosiologiske omgrep og perspektiv
  • har kjennskap til juridisk metode og forvaltningslova, og kva tyding dette har i yrkesutøvinga  
  • har kunnskap om etnisitet omgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring
  • har kunnskap om og forståing for samars status som urfolk 
  • har kunnskap om etiske verdiar og maktforhold i yrkesutøvelsen
  • kan gjere greie for samfunnsstrukturer som hemmar og fremmar sosial ulikskap, inkludering, likestilling og diskriminering
  • har kunnskap om sammanheng mellom levekår, utdanning og betydningen av arbeidsinkludering

Ferdigheter:
Studenten...

  • kan bruke saksbehandlingsreglar og grunnleggande prinsipp i forvaltningslova og kunne nytte desse i skriftlege dokument

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i og er medviten medvitheit om kva tyding institusjonelle og kulturelle rammer har for arbeid med barn og familiar i utsette livssituasjonar
  • kan formidle munnleg og skriftleg grunntrekka i juridisk metode og kjenne til lova si tyding for yrkesutøvinga

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som har gjennomført dei obligatoriske læringsaktvitetane i BARN110 vil ha større utbytte av undervisninga i dette emnet.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom plenumsførelesingar, seminar, ferdigheitstrening knytt til dokumentskriving og arbeid i basisgruppe. Mykje av undervisninga skjer gjennom bruk av digitale verktøy.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i studentaktiv - og erfaringsbasert undervisning

2. Minimum 80 %frammøte i juridisk metode og ferdigheitstrening i dokumentskriving

3. Individuell oppgåve knytt til dokumentskriving. Omfang: 800 ord +/- 10%. Det vil bli gitt skriftlig tilbakemelding

4. Levere inn ein tekst til rettleiing i basisgruppe. Teksten skal knytte seg til den individuelle oppgåva, der studenten vel tema sjølv. Omfang på denne teksten skal vere på  400 - 500.

5. Individuell oppgåve knytt til et vald tema i emne innan gitt frist. Omfang: 1000 ord,  (+/- 10% ord)

Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift  om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling og to språkleg ordliste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 (1) - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng