BARN140 Bruk av aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

I emnet vert studenten introdusert for miljøarbeid og miljøterapi som omgrep og arbeidsform og korleis nytte dette i arbeid med utsette barn og unge. Undervisning i aktivitetsfaga er tilpassa bruk av aktivitetar saman med born og unge på deira  oppvekstarena. I siste del av emnet er fokuset på miljøterapeutisk arbeid med ungdom på barnevernsinstitusjon. Emnet er førebuande til praksis i emnet BARNP1 Praksis i miljøterapeutisk arbeid i barnehage og skule.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om ulike pedagogiske metodar og tiltak i miljøterapeutisk arbeid og utviklingsstøttande omsorg                
  • har kunnskap om korleis forstå miljøarbeid og miljøterapi i barnevernet, og korleis bruke aktivitetsfag i miljøterapeutisk arbeid
  • har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial eksklusjon
  • har kjennskap til fagdebattar forsking og utviklingsarbeid med relevans for sosialpedagogisk arbeid med barn og unge

Ferdigheit:
Studenten...

  • kan nytte brei fleirfagleg kunnskap  til å vurdere barns beste i miljøterapeutisk arbeid
  • kan planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar med barn og unge som fremjar, leik, læring, inkludering, meistring og deltaking

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan legge til rette for aktivitetar for barn og unge, og grunngje skriftleg og munnleg bruken av aktivitet i ein miljøterapeutisk samanheng  
  • har innsikt i miljøarbeid og miljøterapi som metode i barnevernsfagleg arbeid

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som har fått opptak på bachelor i barnevern.

Tilrådde forkunnskapar

  • BBARN110 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
  • BBARN100 Danning og akademisk handverk
  • BBARN110: Barnevernet i velferdsstaten
  • BBARN120: Barn og unges oppvekst og utvikling

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper og praktiske aktivitetar.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  1.  80 % frammøte i studentaktiv og erfaringsbasert undervisning,  gruppearbeid og ferdigheitstrening  knytt til aktivitetsfaga
  2. Munnleg framlegg frå arbeid med oppgåver i basisgrupper

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg individuell heimeeksamen over 3 dagar, der ein skal beskrive eit tenkt aktivitetsopplegg. Omfang: 1500 ord +/- 10%.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-205 (1) - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • BVP5-311 (1) - Utvikling av positive læringsmiljø - Reduksjon: 5 studiepoeng