BARNP1 Praksis i miljøterapeutisk arbeid i barnehage eller skule

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

I dette emnet vert studentane presentert for korleis ein arbeider førebyggjande på individ,- gruppe - og samfunnsnivå i barnevernet. Emnet inneheld fire veker rettleia praksis i barnehage eller skule. I praksistida skal studentane gjennomføre eit aktivitetsopplegg saman med barn/ungdom .

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om førebyggjande arbeid på ulike nivå med utgangspunkt i barnet sitt beste
  • har kunnskap om korleis  miljøarbeid og miljøterapi kan brukast som arbeidsform i barnehage og skule

Ferdigheit:
Studenten...

  • kan gjennomføre aktivitetar med barn og unge slik at det fremjar leik, læring, inkludering, meistring og deltaking 
  • kan bruke førebyggande og helsefremmande arbeid på arenaer der barn og unge oppheld seg
  • kan kommunisere og samarbeide med barn og unge slik at deira rettar til deltaking og medverknad vert ivaretekne

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte utsatte barn og unge med forståing, empati og anerkjenning i miljøterapeutisk arbeid i barnehage eller skule

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som har fått opptak på Bachelor i barnevern

Tilrådde forkunnskapar

  • BBARN110: Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
  • BBARN100 Danning og akademisk handverk
  • BBARN110: Barnevernet i velferdsstaten
  • BBARN120: Barn og unges oppvekst og utvikling

Undervisnings- og læringsformer

Undervising og formar for læring vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid og praktiske aktivitetar.

I praksis skal studentane arbeide med skriftlege oppgåver og gjennomføre ein aktivitet med eit born eller gruppe med barn. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, førebuingar, undervisning og seminar på campus.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis i fire (4) veker i barnehage eller skule.

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisvurderinga frå praksisrettleiar, samt følgjande krav:

  • Praksisrapport.  Omfang 1500  ord (+/- 10 %).

For å få greidd praksis, må studenten nå læringsutbytte og oppfylle krav til 90 % frammøte i praksis, jmf Forskrift om studium og eksamen ved HVL   og Retningslinjer for gjennomføring og vurdering av praksisstudier ved FHS

Vurderingsuttrykk
Praksis vert vurdert til greidd / ikkje greidd

Fråvær over 10 % gjer ikkje greidd  praksis.

Ny praksis
Når studenten får praksis vurdert til ikkje greidd, må heile praksisperioden takast på nytt. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel