BVP5-206 Praksis og praksisrefleksjon

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen (refleksjon, teori og studentaktive læringsformer etter praksis). Emnet startar med praksis og vert avslutta med praksisrefleksjon. Studentane har praksisførebuingar i forkant av praksis med gjennomgang av ulike tema aktuelle for praksis. Studenten skal i starten av praksisperioden utforme ein læreavtale. Den skriftlege praksisoppgåva tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeider med denne gjennom heile praksisperioden. Studenten skal også finne valfritt pensum som skal knyttast til oppgåva. 

I andre del, kor praksisrefleksjon er tema, skal studenten rette fokus på si eiga yrkesrolle og identitet. Det er vektlagt at studenten skal reflektere over erfaringar frå praksis. Studentane skal knytte erfaringar frå praksis opp mot etikk og etisk refleksjon, barnevern og media, konflikthandtering og kritisk refleksjon

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern og sosialt arbeid.

Kunnskap

Studenten...

  • har kunnskap om praksisplassen sitt formål, faglege oppgåver, organisering og sentrale samarbeidspartar
  • har kunnskap om sentrale perspektiv, metodar, omgrep og aktuell forsking som er relevante for barnevernspedagogen sitt fagfelt

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan vise evne til å nytte faglege verktøy, metodar og omgrep som er relevant i barnevernsfagleg arbeid.
  • kan nytte fagleg kunnskap på relevante problemstillingar knytt til praksis, og gjere greie for sine val på ein fagleg og sakleg måte
  • kan vise evne til refleksjon over eigne haldningar og si eiga fagleg utøving

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan gje ei munnleg og skriftleg framstilling av faglege problemstillingar og løysingar som knyter teori til praksis
  • kan skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
  • kan arbeide sosialfagleg med brukarar i ulik kontekst
  • kan arbeide systematisk med fokus på brukarane sine ressursar og val
  • kan gjere sjølvstendige faglege vurderingar og grunngi desse i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan identifisere, forstå og analysere sosiale problem og iverksette relevante tiltak

 

Studiespesifikke læringsutbytte.

Kunnskap

Studenten...

  • har kunnskap om tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper i praksis
  • har kunnskap om korleis ein handterer konfliktar i arbeidslivet, forstå arbeidsmiljølova og kva føringar den legg for yrkeslivet 

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan reflektere over eigen fagleg ståstad, og øve opp evna til etisk refleksjon
  • kan diskutere media si rolle i det barnevernsfaglege feltet,  og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debattkanal
  • er ein profesjonell yrkesutøvar i konfliktfylte saker

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan utvikle fagleg forståing for utfordringar og etiske dilemma i yrkesutøvinga
  • er bevisst på si eiga yrkesrolle og identitet i det barnevernsfaglege arbeidet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidd. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet BS5-201 Kommunalt barnevern

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning, seminar, skriftleg og munnleg framlegging og klientretta praksis.

Arbeidskrav

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere greidd for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Krav om minimum 80 % deltaking i:

  • førebuing til praksis
  • etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid, ferdigheitstrening i praksisrefleksjon

2: Læreavtale med læremål for praksisperioden

3: Sjølvvald pensum, 250 sider

4: Skriftleg praksisoppgåve, 3500 ord +/- 10%

5: Praksisstudier, 16 veker

Vurderingsuttrykk: Praksisstudia blir vurdert som greidd/ikkje greidd

Praksisrettleiar tilrår godkjent / ikkje godkjent. Høgskulen vurderer om obligatorisk læringsaktivitet er godkjent og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis, så må praksis takast på nytt.

Krav til nærvær på praksisplassen er 90 %. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom jf Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. 

  • Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg høgskulen til rette for utsatt praksis innanfor studieåret dersom det er mogleg.
  • Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

 

 

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig for gjeldande semester.

Gjennomføring av ny praksis:

Det blir ikkje arrangert ny praksisperiode i dette emnet. 

Vurderingsform

Skriftleg individuell skuleeksamen. Varighet 4 timar.

Vurderingsutrykk:

A-F, der F svarar til ikkje greidd vurdering.

Ny eksamen:

Går føre seg som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel:

Lovsamling eller utskrift frå lovdata

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-205 (1) - Praksis og refleksjon i sosialt arbeid - Reduksjon: 24 studiepoeng