Hopp til innhald

BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset vil mellom anna innehalda:

  • Kostnadsteori
  • Teori om etterspurnaden etter varer/tenester
  • Marknadstilpassinga
  • Produktkalkylar
  • Finansreknskapen
  • Litt om driftsrekneskapen

Læringsutbytte

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Forstå ulike kostnadsomgrep som til dømes faste kostnader, variable kostnader, direkte kostnader, indirekte kostnader, irreversible kostnader og alternativkostnader
  • Forstå bedrifta si tilpassing under ulike marknadsforhold
  • Forstå kva ein kalkyle er og korleis kalkylar vert utarbeidd
  • Forstå skilnaden mellom ein bidragskalkyle og ein sjølvkostkalkyle
  • Forstå kva ein finansrekneskap er og forstå samanhengen mellom resultat og balanse
  • Forstå enkle økonomiske nøkkeltal
  • Forstå kva ein driftsrekneskap er og skilnaden på ein driftsrekneskap og ein finansrekneskap

Dugleikar

  • Kunne rekna ut kostnads- og inntektstal for ei verksemd
  • Kunne rekna ut lønsemda for ulike produkt
  • Kunne rekna lønsemda av sal i to marknader 
  • Kunne utarbeida både bidrags- og sjølvkostkalkylar
  • Kunne kalkulera enkle nøkkeltal
  • Kunne forklara samanhengen mellom ein resultatrekneskap og balansen
  • Kunne utarbeida enkle budsjett

 

Generell kompetanse:

  • Kunne styra økonomien i mindre bedrifter

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

6 timar heimeeksamen

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØA113 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • BØ6-1010 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 4 studiepoeng