EVL-LPL115 Læringsmiljø og pedagogisk leiing 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Innhaldet i kurset er strukturert etter følgjande hovudtema:

  • Intergenerasjonalitet
  • Barnefellesskap

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • barn og barndom, barn si medverknad, danning og demokrati
  • kulturar for inkludering i barnehagen med fokus på mangfald, respekt, nestekjærleik, tilgjeving, solidaritet, likestilling og likeverd.
  • barnehagen sitt fysiske rom og materialitet
  • teoretiske perspektiv på pedagogisk leiing

 

Etter fullført emne skal studenten ha dugleik til å kunne:

  • skildra didaktiske føresetnadar som har tydning for læringsmiljøet for barnehagen sine aktørar.
  • vera kritisk reflekterande  
  • reflektera over eigen profesjonsrolle og eige profesjonsfaglege språk.

 

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten:

  • kunne reflektere faglig over praktiske og teoretiske problemstillinger knyttet til barnehagens læringsmiljø.
  • kunne utfordre måten en arbeider på i det daglige utfra teoretisk kunnskap og overordna mål for barnehagen. 
  • kunne vise profesjonsetisk kompetanse i møte med barn, personalet, foreldrene og andre instanser.   

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, dialog og refleksjon i klasse/grupper, praktisk arbeid, gruppearbeid og framføring av studentarbeid.

Arbeidskrav

Deltaking i undervising og på nettmøter

Alle arbeidskrav vert nærare presisert i semesterplan, men mellom samlingane skal studentane gjer eit utviklingsarbeid knytt til eigen arbeidsplass som kan innehalde digitale arbeidskrav, presentasjonar, foto og/eller skriftlege oppgåver.

Vurderingsform

Muntlig eksamen 100/100         

A - F    

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel