KRO801 Lærarspesialisten, skule- og profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet Lærarspesialisten, skule- og profesjonsutvikling (KRO801) er dei første 15 studiepoenga av Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn, som tilsaman er 60 studiepoeng.

Emnet er bygd opp av tema med fokus på lærarspesialisten si faglege utvikling og kunnskap som kroppsøvingslærar. Studiet tek opp sentrale tema innanfor fag- og forskningsfeltet, og lærarprofesjonen. Sentralt i emnet er tema som profesjonsutvikling og undervisingsdesign, bevegelse i ulike kontekstar, motorikk og friluftsliv. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid.  Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale lærngsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om profesjonsutvikling og undervisningsdesign som kan gi refleksjon kring skuleutvikling
  • har inngåande kunnskap om korleis val av utføring bevegelse varierer i ulike kontekstar og om kroppen som eit sjølvorganisert heilskapleg system
  • har inngåande kunnskap om friluftsliv i kroppsøving og uteskule som arbeidsform
  • har inngåande kunnskap om korleis rørsle og motoriske ferdigheiter utviklar seg og har avansert kunnskap om rørsleutvikling
  • har inngåande kunnskap om korleis skulen som arena kan bidra til å skape gode aktivitetsvanar for å møta samfunnets utfordringar knytt til folkehelsa

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere kroppsøvingsundervisning basert på observasjon og analyse som profesjonsutvikling på eigen arbeidsstad
  • kan bruke kunnskap om dynamiske system i si undervisning og organisering av eiga rolle som lærarspesialist i kroppsøving
  • kan planlegge og gjennomføre friluftsliv og uteskuleaktivitetar med sikte på fagleg utvikling, læring og tilpassa opplæring
  • kan gjennomføre undervisning basert på korleis motoriske ferdigheiter utviklar seg
  • kan gjennomføre tiltak som styrkjer kroppsøving som støtte for andre skulefag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere om fag og bidra til profesjonsutvikling i skule- og utdanningsfeltet
  • kan drive prosjekt og kollega oppfølging som er fagutviklande

Krav til forkunnskapar

60 stp i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande, og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført grunnutdanning. 

Undervisnings- og læringsformer

Emna i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervisings- og læringsformer: Førelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular.

Arbeidskrav

Fem mindre skriftlege arbeid knytt til ulike tema i emnet.

Vurderingsform

3 dagar individuell skriftleg heimeeksamen.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Tid for innlevering av eksamen blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel