KUN803 Estetiske læremåtar i skulen, 5. -10.

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet tek for seg estetiske læreprosessar i brei forstand, og korleis desse kan nyttast i ulike faglege kontekstar i 5.-10. klasse. Estetiske læringsmåtar er kroppslege, sanselege og heilskapsorienterte og ivaretek heile mennesket. Dei estetiske faga er ein ressurs i arbeidet med så vel fellesskap og demokrati som livsmeistring, og for å oppnå djupnelæring. I emnet jobbar ein med musikk, drama og kunst og handverk som verktøy i ulike skulefag. 

 

Emnet er samlings- og nettbasert, med base på HVL, Campus Sogndal.  

Læringsutbytte

Studenten har:

Kunnskap om

  •  estetiske læringsprosessar i skulefag 
  • kulturuttrykk som ein ressurs i arbeidet med identitet, fellesskap, demokrati og medborgarskap  
  • fagfornyinga i grunnskulen
  • rettleiing og motivering av elevar

 

Ferdigheiter i  

  • song, samspel og musikkaktivitetar som uttrykksform og læringsverktøy 
  • å arbeide med dramatiske uttykksformer og improvisasjon som uttrykksform og læringsverktøy 
  • teikning, visuell formgiving (skissebok) som uttrykksform og læringsverktøy 
  • dramaturgi som planleggingsverktøy i prosessen frå idé til ferdig resultat

 

Generell kompetanse i  

  • å utvikle aktive og inkluderande læringsformer og undervisningsressursar med utgangspunkt i estetiske læreprosessar
  • refleksjon rundt korleis estetiske læreprosessar kan bidra til bl.a. djupnelæring og kulturell kompetanse 

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring med undervisning i skulefag og/eller kunst- og kulturformidling.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeid med praktiske aktivitetar på samlingar, arbeid i grupper, utprøvingar på eigen arbeidsplass, diskusjonsforum med erfaringsdeling, forelesningar, synkron og asynkron nettundervisning.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingar.

Refleksjonsnotat om utprøving av aktive og inkluderande læringsformer på eigen arbeidsplass.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen på inntil 30 minutt, med to dagars førebuing. 

Vurdering: Bestått/ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel