Hopp til innhald

KUN805 Dramapedagogikk og teaterproduksjon - vidareutdanning

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studiet rettar seg mot pedagogar som arbeider med drama og teater som fag eller metode i skole, barnehage, kulturskole og frivillig kulturliv. 

 

Gjennom studiet lærer du om: 

  • Dramatiske og performative uttrykksformer og formidling
  • Teaterproduksjon med fokus på kollektive prosessar med barn og unge
  • Fagdidaktiske strategiar med vekt på individuelle og kollektive utforskande, kreative og estetiske læreprosessar 

 

Gjennom studiet får du høve til å utvikle deg i arbeid med dramatiske uttrykksformer og uttrykksmiddel. Som student får du lære om og erfare kreative og estetiske læreprosessar og korleis desse kan utviklast i eit relasjonelt samarbeid. Strategidokumentet frå Regjeringa; Skaperglede, engasjement og utforskertrang vil være sentralt og danne utgangspunkt for fagdidaktisk refleksjon og kritisk diskusjon. 

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten

  • har kunnskap om korleis ein kan arbeide med ulike dramatiske og performative uttrykksformer
  • har kunnskap om teaterproduksjonsarbeid der ein vektlegg barn og unges medskaping
  • har kunnskap om korleis leiing av kreative og estetiske læreprosessar i drama og teater kan tilpassast deltakarar med forskjellig nivå og bakgrunn
  • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan integrerast i samband med drama og teaterarbeid

Ferdigheiter
Studenten

  • kan leie dramapedagogisk arbeid der estetiske læreprosessar, improvisasjon og samspel står sentralt
  • kan bruke eit utval didaktiske verktøy i arbeid med drama og teaterarbeid, individuelt og i grupper
  • kan gjennomføre drama- og teaterprosessar der kropp og stemme har ein sentral plass

Generell kompetanse
Studenten

  • kan bidra aktivt til å skape eit godt klima for drama- og teateraktivitetar i grupper
  • kan reflektere over eigen didaktisk praksis og erfaring og kople dette til relevant teori

 


Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet.  

 

Undervisninga varierer mellom praktisk skapande arbeid, førelesingar og rettleiing. Det vert lagt til rette for at oppgåver vert tilpassa den enkelte student sin utdanningsbakgrunn og arbeidsplass.  

 

For å sikre at studiet blir relevant og praksisnært skal studentane teste ut uttrykksformer og metodikk med eigne elevar og dele erfaringane.  

 

Utvikling av praktisk og didaktisk kompetanse i faget er avhengig av at du gjer eigne erfaringar, innhentar kunnskap og brukar tid til oppøving og utprøving. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på samlingar.
  • Presentera erfaringar frå utprøving av didaktisk opplegg i eige eller andre si praksis.

Vurderingsform

Mappe

Karakter: bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel