Hopp til innhald

MGBKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.

Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til begynneropplæring, kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.

Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng som er eit samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring som del av begynneropplæringa og i tverrfagleg perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
  • kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
  • kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
  • kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på begynneropplæring, undervising og læring i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen
  • kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
  • Deltaking på turar/ekskursjonar
  • Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve
  • Friluftsliv med overnatting

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett.

Vurderingsform

Del 1: FoU-oppgåve/semesteroppgåve. Vekting 50 %.

Del 2: Praktisk eksamen. Ein praktisk eksamen der studenten planlegger og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring. Vekting 50 %.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel