Hopp til innhald

MGUKØ502 Kroppsøving 3, emne 2 - Danning og læring i kroppsøving

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet er samansett av eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla kroppsøving som fag.  

Emnet har som hovudmål å gje studentane inngåande kunnskapar om undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen og til teoriutvikling. Kritisk refleksjon kring kroppsøvingsdidaktisk teori med utgangspunkt i internasjonal forskingslitteratur så vel som studentane sine eigne praksiserfaringar, utgjer ein del av arbeidet i emnet.  

Emnet tar opp ulike tradisjonar og perspektiv i høve danning og læring i kroppsøvingsfaget. Emnet har også ein brei inngang til samfunnsperspektiva i faget og dei historiske tradisjonane faget er knytt opp til. Emnet skal også gjere studentane meir medvetne sin identitet som profesjonsutøvar.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i kroppsøving
  • har inngåande kunnskap om kroppsøving som resultat av samfunnsmessige, politiske og historiske prosesser 
  • har inngåande kunnskap om danning, læring og undervising i kroppsøving
  • Har inngående kunnskap om elevmangfald i kroppsøving og konsekvensar for tilpassa opplæring. 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera planlegging og gjennomføring av undervisning i kroppsøving med tanke på elevens læring, faglege progresjon og danning.   
  • kan bruke kunnskap om kroppsøving til å reflektera over eigen lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
  • kan på avansert nivå bruka vurdering i kroppsøving for å bidra til at elevane lærer å reflektera over eigen læring og utvikling 
  • kan vurdera digitale ressursar og sosiale mediar kritisk i forhold til elevane si kroppslege læring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera kroppsøving i eit samfunnsperspektiv
  • kan formidla og kommunisera faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga 
  • kan bidra til profesjonsutvikling og forståing av kroppsøving som eit almenndannande fag 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til. 

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Individuell fagtekst eller essay knytt til lærarrolle, profesjonalitet og kroppsøving.
  • Presentasjon og kritisk vurdering av engelskspråklig forskningsartikkel.

Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestera etter godkjenninga.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 8 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel